I år er det sjeldan mykje snø for å vere påske. Meteorologane melder at det er mange år sidan vi har hatt like mykje snø, landet sett under eitt, som det vi har til denne påska.

Målestasjonar og snøkarta viser at det er meir snø enn normalt også i delar av Nordvestlandet.

Og for dei skiglade er det flust av tilbod i Nordfjord, enten ein vil bruke alpinbakkane eller gå i langrennsløyper, eller glede seg over litt brattare bakkar med eit fjell- og fjordlandskap med randoneeski.

No gjeld det å nytte våre lokale tilbod. Til dømes står eldsjelene på gjennom heile året for Harpefossen, nettopp for å gi oss ei drøymepåske vi kan minnast i lang tid framover. Nokon er parkeringsvakter eller steiker vaflar, medan andre legg til rette for nypreparerte løyper eller jobbar dugnad i sommarhalvåret for å utvikle området og traseane vidare.

Det er mange eldsjeler rundt omkring som står på for å gi oss eit tilbod. Då er det synd om det ikkje vert brukt – enten du likar alpin eller langrenn innover Fladalen.

No er det ein gong slik at når vårmånaden april nærmar seg er det fleire av oss som ikkje lenger drøymer om snø, men vil ha sol, vårblomster og at grønfargen begynner å krype fram. Ein god vår med andre ord. Fleire set pris på å styre i hagen, eller begynne med båtpussen og gjere klart for ein ny båtsesong.

For sjølv om det er fleire trasige ting som skjer rundt oss, med framleis krig i Ukraina, ein pris- og rentevekst som fleire slit med, har vi mykje å glede oss over her i livet.

Så satsar vi på at det blir ei drøymepåske i Nordfjord.

Vi ønskjer alle ei god påske!