Dette er leiaren i Fjordabladet frå fredag 9. februar 2024:

Å få meir veg ut av pengane høyrest fornuftig ut. Signala til den nye Nasjonale Transportplanen for 2025–2036 ligg der: Ein må rekne med mindre økonomiske rammer til nye store investeringsprosjekt. Det vert også strengare krav til arealbruk – med meir vekt på klima, natur og miljø.

Vegvesenet signaliserer også kva som gjeld; «utbetre der vi kan og byggje nytt der vi må». Første mål må vere å få opp «minstestandard» på vegane våre, og her i vest er det nok av vegar å ta tak i. Gul midtstripe er stikkord her. Strekninga E39 Sandane-Byrkjelo er viktig for heile regionen. Den smale, svingete vegen som har ligge slik i tiår etter tiår er på høg tid å bli prioritert.

Ny Lotetunnel er også under diskusjon. Noverande Stad-ordførar gjekk ut i valkampen og foreslo at ein ny tunnel bør vere løysinga. Det er ingen tvil om at dagens tunnel ikkje held mål.

Dagens Lotetunnel vart påbegynt i 1959, og offisielt opna i 1968. Den gongen var tunnelen den lengste vegtunnelen i landet. Mykje har skjedd sidan den gong, og vogntoga har vorte både breiare og høgare. Det skapar utfordringar når vogntog møtast inne i Lotetunnelen.

I dag stettar den rett og slett ikkje dagens krav til tryggleik for trafikantane og er ikkje bra nok for tungtrafikken. Det er også krappe svingar i begge endane i tunnelen, og særleg inngangane til tunnelen er farlege punkt.

Vegvesenet signaliserer at det å byggje ny Lotetunnel kan vere eit aktuelt prosjekt, og eit alternativ til å oppgradere eksisterande tunnel.

No har Nordfjordbrua AS også søkt om å bli pilotprosjekt for ferjefri kryssing av E39 Lote-Anda til Nasjonal Transportplan, og at det vert løfta opp til å verte eit ferjeavløysingsprosjekt. Det er ingen dum ide. Dette vil kunne bidra til store framtidige innsparingar av statlege midlar som i dag vert brukt på evigvarande drift av ferjer. Om ikkje må staten betale for ferjedrift til evig tid.