Det gamle bygget til Haugen barnehage er så dårleg, at det no vert signalisert at det må rivast – og at det truleg berre kan vere drift der fram til barnehageåret 2025/2026.

I dag er det gjerde rundt bygget, og borna kan ikkje gå overalt i fare for å få takstein i hovudet.

Bygget til Haugen barnehage må rivast om ikkje lenge, noko også lokalpolitikarane har vorte informert om. Inntil då blir bygget sikra så godt det let seg gjere så lenge ein har barnehagedrift der. Slik stoda er akkurat no har Stad kommune behov for barnehageplassane på Haugen.

Det gamle bygget på Haugen inneheld også gymsal, og det har vore tatt opp fleire gongar at den ikkje er brukandes.

I dagens avis kan ein lese at Stad Sp ved Astrid Grete Torheim vil ha foreldre og innbyggjarane i skulekrinsen med for å finne løysingar både på kort og lenger sikt. Det er ein god tanke.

Vi forstår at det er dei som fryktar for barnehagen i bygda, men samtidig så fortener ungane betre enn eit falleferdig hus og ein byggeplass rundt. Tryggleiken må ivaretakast.

Også i Selje barnehage er det teknisk dårleg stand. Anfinn Sjåstad (Frp) er den lokalpolitikaren som ved fleire høve har teke opp dette.

I denne barnehagen er det både støyutfordringar, og det er endåtil ikkje kjøkkenfasilitetar, som gjer at barnehagen ikkje kan tilby brødmåltid. Toaletta er også dårlege, og ute er det gjørmete.

Slik kan ein ikkje ha det i ein barnehage. Det er heilt tydeleg at forholda for born i Stad kommune må sjåast på, og dei faktiske behova for bygga må vurderast på nytt. Ungane fortener betre.