Mediehuset har gått opp 804 abonnentar på få år – ein auke på 33 prosent sidan 2016.

Jamt og trutt har vi stadig fått nye abonnentar, og denne veka publiserte Mediebedriftenes Landsforbund (MBL) opplagstala for andre halvår 2023. Det var gledelege tal for oss nok ein gong. For Fjordabladet sin del auka opplagstalet frå 3172 til 3240, ein auke på 68.

Det er gledeleg at vi igjen får ei fin utvikling. For oss er det viktig å sette ting på dagsorden, at det som skjer i lokalmiljøet vårt vert belyst. Vi er ein liten, men dyktig gjeng som gjennom heile dagen serverer lesarane våre aktuelle saker på nett, og som sender lokalavisa di på papir i postkassa to gongar i veka.

Også dei andre lokalavisene i Nordfjord hadde vekst. Firda Tidend er den minste avisa i Nordfjord. Dei går frå 2.996 til 3051 (+55), Fjordingen aukar frå 3.902 til 3.992 (+90), og Fjordenes Tidende aukar opplaget frå 4.635 til 4.780 (+145).

Mediehusa i resten av Sogn og Fjordane hadde derimot tilbakegang – til liks med tendensen ein ser i norske aviser generelt, der opplaget går tilbake med 0,5 prosent frå andre halvår 2022 til andre halvår 2023.

Nyleg kom også dei offisielle lesartala, som viser at stadig fleire les Fjordabladet. Vi fekk ein auke på 19,2 prosent, og det er sjølvsagt stas å vere best i Sogn og Fjordane. Hardt arbeid gir resultat, og vi har hatt ein jamn og fin vekst i 2023 med fokus på nett, det å få saker kjapt ut, så lesarane skal bli raskt oppdaterte over kva som skjer.

Vi har ein digital vekst på heile 48 prosent, som gjer at vi har den sjuande største digitale veksten i landet, og 4. beste digitalveksten i Polaris Media-konsernet. Dette viser at abonnentane er blitt meir aktive, fleire les oss på nett, og lesarane går frå å vere på papir til å vere meir digital.

Vi lovar at lesarane skal finne litt av kvart i lokalavisa deira, enten det er om uvêr, kva politikarane vedtar eller det er om ei 20 år gammal jente som elskar jobben som tungbilsjåfør. Fjordabladet skal spegle lokalmiljøet på godt og vondt.