Dette er leiaren i Fjordabaldet frå fredag 11. august 2023:

Fjordabladet har hatt ei rekkje artiklar om rikspolitikarar som har vore på Norsk Fjordhestsenter og fått seg ein ridetur, samt orientering om status og framtidsplanar.

Sist ut var stortingsbenken frå Sogn og Fjordane med Erling Sande (Sp), Olve Grotle (H), Torbjørn Vereide (Ap) og Alfred Bjørlo (V). Dei fekk klar beskjed om at senteret treng draghjelp i form av auka statsstøtte. I august i fjor var Ap sin landbrukspolitiske talsmann på Stortinget, Per Vidar Kjølmoen på besøk på Norsk Fjordhestsenter. Kjølmoen fekk seg ein ridetur, den første på 30 år. Han lova å vere ein døropnar og uttalte at han var optimist når det gjeld å få til å finansiere ei oppgradering av fjordhestsenteret.

Stortingsrepresentantane Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) og Alfred Bjørlo (V) var i fjor innom og fekk helse på og ri på fjordingen Ternefin.

Også statsråd Sandra Borch (Sp) har vore i fjordhestens sitt Mekka. Ho er eigentleg ei hestejente og var opptatt av at ho også er hesteminister. ‒ No er vi i gang med strategiarbeid for å løfte desse hesterasane. Vi må ta vare på dei viktige hesterasane. Hest kan også bli meir viktig med tanke på bruk i terapi, uttalte Borch, som då var landbruks- og matminister og var på vitjing på Nordfjordeid i september i fjor.

Det har i mange år vore skrikande behov for oppgradering av bygningsmasse og uteområde ved Norsk Fjordhestsenter.

Vi håper inderleg at politikarane snart gjer noko meir konstruktivt enn berre å poste fine skrytebilete på hesteryggen, eigna til å promotere seg sjølve i sosiale media.

Fjordhesten fortener at senteret får utvikle seg til å bli eit nasjonalt og internasjonalt kultur- og kompetansesenter, eit fyrtårn som både kommune, fylke og ein på nasjonalt nivå kan vere stolte av.