Dette er leiaren frå Fjordabladet 26. september 2023:

Det har politikarane signalisert at kommunen sin administrasjonen skal jobbe med. Målet er å få ein tilnærma lik praksis i heile kommunen. Men det at ein vurderer å endre fri-onsdagen i nokre av skulane i Stad har skapt sterke reaksjonar i ytre.

Vi forstår at den såkalla fri-onsdagen er eit gode ein gjerne vil behalde. Ungar veks raskt, og det er fint å kunne ha ein dag midt i veka der ein kan bruke meir tid saman i ein elles hektisk kvardag.

Men så er det ein gong slik at kommunen er pliktig til å tenke på alle elevane. Frå 1.1.22 kom også nye sterke krav til kommunane sitt ansvar overfor barnevernsreforma til å tilrettelegge tidleg innsats. Alt heng saman.

Ikkje alle kjem frå ressurssterke heimar. Vi må kanskje stikke ein finger i jorda og innrømme at ikkje alle har det bra heime. Sjølv om din unge har det bra, så er det ikkje sikkert naboungen har det same. Det er heller ikkje alle foreldre som er i stand til god oppfølging og å hjelpe ungane sine med lekser.

Inkludering er eit sterkt tema overalt, og skulen er beste plassen for dette. Ein fri-onsdag kan derimot vere med å ekskludere nokon.

Vi har trua på læring – litt kvar dag. Når ein får det systematisk er det det beste for eleven.

Ønsket er å få fleire til å jobbe heiltid. Men sjølv om fri-onsdagen skulle bli borte frå skulen, så er det ikkje snakk om å ta frå foreldre deira fridag. Om dei har råd og høve til å jobbe deltid, så kan dei framleis det, sjølv om ungane er på skulen.

Eit tankekors er at fleire kvinner ikkje tenkjer over at det å jobbe deltid straffar seg den dagen ein skal pensjonere seg – fordi ein har jobba i så mange år. Derimot vil ein oppdage at det ein får utbetalt som pensjonist er lågare enn forventa, nettopp fordi ein har jobba deltid i så mange år.