Til slutt vart det eit fleirtal på 18 lokalpolitikarar som ville ha nedlegging, medan 13 gjekk imot. Partikameratane Sp, Ap og H kunne igjen banke inn eit solid fleirtalsvedtak.

Vi forstår at mange er skuffa, både bygdefolk, pårørande og ikkje minst bebuarar – usikre på kva framtida vil bringe. For her er det fleire eldre som må flytte, og det verkar hjarterått. Vi registrerer at fleire er skuffa over at det nettopp er Sp som brøytar veg for sentraliseringsspøkelset.

Det skadar ikkje om posisjonspartia er litt meir audmjuke, lyttar og tar omsyn til det andre seier og meiner. Om ikkje vert det fire trasige år med «dei mot oss» og «oss mot dei». Ordførar Sigurd Reksnes gjekk i valkampen ut og sa han ønskte godt klima og samarbeid. Det må også visast i praksis, og at ein ikkje berre køyrer over andre parti. Det kan verke litt mykje «takk for sist», frå då Venstre sat med ordførar.

Elles var det eit godt kommunestyremøte fredag – sjølv om det varte og rakk i 11,5 timar. Det er imponerande kor uthaldande politikarane er, og ordføraren var ein ryddig møteleiar. Mange var på talarstolen, og kom til orde frå dei fleste parti. Det blir det god debatt av, der ein ikkje berre bankar ting igjennom.

Opposisjonen får moglegheit til å øve seg og kome med forslag, og det er viktig med ein god debatt før viktige saker skal avgjerast – så kan ein vere einig eller ueinig i resultatet.

Nedlegging av Bryggja omsorgssenter har også engasjert mange med lesarinnlegg i Fjordabladet. Alle synspunkt kjem fram, og det er slik det skal vere i ei lokalavis. Det er flott at folk engasjerer seg i lokalsamfunnet, og dette engasjementet håper vi vil vedvare også når nytt år bankar på døra.