Av Toril Sørland, referent:

Desse møta er meint som sosiale samlingar, der pensjonistar kan kome saman og ha det kjekt i lag.

Program for dagen var; mykje song og musikk, ordet fritt, tid for samtale, eit godt måltid, fagleg innslag, åresal m.m.

Det var tydeleg at dei 36 frammøtte tykte det var kjekt å kome saman igjen etter ein lang og kald vinter og ein regnfull og kald marsmånad, og praten gjekk livleg rundt borda frå første stund.

Dei tre trufaste musikarane var på plass. Jon Inge Holmøyvik, Dagfinn Lågeide og Anders Larson spela kjende melodiar, medan folk benka seg til dekka bord, pynta med stemorsblomster - og det vart god stemning i lokalet.

Leiar Martha Haugen ønskte alle velkomne, både medlemer og ikkje medlemer, før ho gav ordet til dagens gjest, Nils Helge Løkling.

Løkling er har vore med i Stad Eldreråd i mange år, og tema for dagens foredrag var: Formålet med Eldreråd, val og samansetting, ansvar, gjeremål og sekretariat. Løkling formidla kva oppgåver Eldrerådet har. Formålet med Eldrerådet er eit partipolitisk uavhengig rådgjevande organ for Stad kommune. Eldrerådet skal fremje eldre sine synspunkt overfor lokalpolitikarane og arbeide for at det skal bli ein god og trygg kommune for eldre.

Val og samansetting Eldrerådet er oppretta med heimel i kommunelova §5-12 og består av 6 medlemer + 1 politisk medlem med varamedlemer, valde av kommunestyret for 4 år. Pensjonistlaga har rett til å kome med framlegg om medlemer i Eldrerådet. Eldrerådet peikar sjølve ut leiar og nestleiar som skal veljast ut mellom alderspensjonistane. Åge Starheim er leiar og Liv Stokkenes Jacobsen er nestleiar i denne perioden.

Ansvar og gjeremål Rådet skal ha førelagt alle saker som er viktige for eldre sine levekår. Rådet skal orienterast om aktuelle saker som er under arbeid i kommunen, slik at rådet kan gje innspel.

Rådet kan sjølv ta opp saker som dei meiner er viktige for eldre, og kan be om ei orientering frå administrasjonen for å få opplyst saka betre.

Oppretting av politiske saker og vidare utgreiingar vert gjort av politiske utval/kommunestyret.

Rådet uttalar seg om saker før sakene blir handsama i formannskap og utval.

Sekretariat Kommunen skal syte for høveleg sekretariat for rådet og kommunedirektøren avgjer kven i administrasjonen som skal ivareta denne funksjonen. Pr i dag er det Kristin Otnheim Årsnes som har denne funksjonen.

Eldrerådet har rett til å uttale seg før kommunestyret vedtek budsjett for rådet og gjev utfyllande reglar for sakshandsaming i rådet.

Sekretæren og leiar i Eldrerådet samarbeider om fastsetting av møtetidspunkt, innkalling og førebuing til møta, utarbeide forslag til uttalar, utarbeide møtebok/protokoll, årsplan og årsmelding.

Dei frammøtte lytta til det framifrå foredraget og Løkling fekk stor og velfortent applaus. Han opna opp for spørsmål frå salen, og det var fleire som fekk gode svar på det dei hadde på hjartet.

Det var også aktuelt å kome med forslag til evt saker som kunne vere aktuelle å ta opp i Stad Eldreråd.

Eit godt måltid Etter ei økt med fagleg påfyll var det tid for kaffi og mat - karbonadesmørbrød og blautkake er aldri feil. Men innimellom prat rundt borda, var det songar - etter tonefølgje av musikarane. Denne dagen var det plukka ut fleire vårsongar og folk stemde i.

Planlagde turar dette året Etter måltidet informerte Martha Haugen og Thorleif Jakobsen i Turnemnda, kva turar som var planlagde for året.

Dagsturar til Kalvåg og Singerheimen i Olden, var aktuelle reisemål, noko dei frammøtte var samde i. Tidspunkt var sett opp til juni og juli. Det blir også ein langtur dette året. Den er fastsett til august og går til Frøya og Hitra. Nærare opplysningar om tidspunkt, prisar og påmeldingsfristar blir kunngjort i Fjordabladet i ei samla annonse.

Så var det Ordet fritt og fleire hadde gode historier å fortelje. Det var god stemning med mykje latter i salen.

Aktuelle saker frå Fylkesårsmøte Leiar orienterte også om saker som vart tatt opp på Fylkesårsmøtet på Skei 18. og 19. mars, der leiar og nestleiar Elfinn Vedeld deltok.

Der vart det snakka om; Bu trygt heime reforma, møteplassar for eldre og fysisk aktivitet for eldre.

Når det gjeld møteplassar for pensjonistar lokalt, så har vi Kringla, kafèar i sentrum og Hamna.

På Kringla er oppslagstavle med opplysningar om viktige ting, aktivitetar, kurs, dagkino mm. Laget disponerer Kringla tysdagar der ein har open kafè, møteverksemd osv. Fredagar er det starta opp med Quiz på Kringla. Det er ein fin gjeng som møtes, men det er plass til mange fleire.

Når det gjeld fysisk aktivitet er Sterk og stødig trimmen kvar tysdag svært populær, med over 20 deltakarar kvar gong.

Så var det endeleg tid for åresal. Kirsten Solheim, leiar i Lotterinemnda, hadde ordna med fine gevinstar og spenninga er alltid stor når årane finn sin plass framfor kvar kjøpar. Det er som det plar vere, nokre har vinnarlukke og vinn på kvar samling, andre ventar i spenning når tala blir opplesne, men må vende heim med håp om å vinne på neste samling.

Med songen «I natt eg drøymde», tekst av Cornelius Vreeswijk, takka leiar for frammøte og den kjekke stunda i lag - og ønskte alle «vel heim».