Dette innlegget er skrive av Ingunn Kandal, leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU:

Det er ikkje nok med at unionen vil styre energipolitikken vår og får norske politikarar til å legge opp til krafteksport som skapar prisvekst og som tømmer lommebøkene våre.

No står datostemplinga av norske egg for tur.

Nye EU-reglar vil tvinge oss til å kaste gode og salmonellafrie egg. EU vil avgrense haldbarheita til 28 dagar. Dette vil føre til at meir egg og mat blir kasta fordi haldbarheitsdatoen i Noreg er på 35 dagar.

Årsaka til at EU vil redusere haldbarheitsdatoen, er at det er salmonella-smitte i nokre EU-land. Salmonella hjå verpehøner kan bli overførte til egga. Bakteriane kan formeire seg i egga og føre til sjukdom til dei som et egga.

I Noreg har det ikkje vore salmonella i egg. Det er derfor ikkje nokon grunn til at Noreg skal akseptere dette «EU-direktivet».

Med SP-aren Sandra Borch som landbruksstatsråd og med det stortingsfleirtalet vi har no, skulle vi tru at Noreg må kunne vri seg unna denne meinigslause EU-regelen. Eller vil EØS-venlege regjeringskollegaer importere dette EU-tullet?