Skrive av Siri Sandvik, 6. kandidat for Vestland Ap, og Arve Helle, 3. kandidat, Vestland Ap:

Auka bruk av kollektivtransport, tilrettelegging for syklistar og gåande samt gjennomtenkt by- og tettstadplanlegging spelar alle ei viktig rolle for å nå desse måla.

Det er i dei mest folkerike områda vi verkeleg kan oppnå effekt på utslepp ved at fleire reiser kollektivt. Difor vil vi i Arbeiderpartiet heile tida ha fokus på lavast mogleg billettprisar for alle. Difor har det blitt betydeleg billegare å reise kollektivt fleire stader i fylket, billegare for studentar, billegare for vaksne å ta med seg barn, og difor har vi eit mål om gratisk kollektivtransport for barn og ungdom til og med fylte 15 år.

I distrikta er tilgang til kollektivtransport ofte vel så viktig som sjølve prisen. Her vil auka kollektivbruk krevje utvikling av nye og meir treffsikre mobilitetskonsept, i samarbeid med kommunane. Døme på dette kan vere ringbuss med regelmessige avgangar i tettstadene. Det kan også vere gode tilbod på bestillingsruter, til dømes etter modell av «hent meg» som ein har prøvd ut i Odda-området.

Skal vi lukkast med eit godt og tilgjengeleg kollektivtilbod i heile Vestland, treng vi både lave billettprisar og tilgjengelege ruter – enten du bur i Stad, på Tysnes eller i Bergen. Dette er viktig for oss i Vestland Arbeiderparti.