Av Alfred Bjørlo (Venstre), stortingsrepresentant:

Næringspolitikk og distriktspolitikk er to sider av same sak. Knapt noko er viktigare for både næringsliv og distrikts-Noreg enn at ungdom tar fagutdanning av høg kvalitet og lærer seg eit yrke, og at det er tett og god kontakt mellom skule og næringsliv undervegs.

For å få dette samspelet mellom skule og næringsliv til å fungere i praksis, speler opplæringskontora ei nøkkelrolle. Opplæringskontora er part i kontraktene til over 40.000 lærlingar over heile landet. Ved å ta det medansvaret for opplæringa som følgjer av å vere part i lærekontraktene, gjer opplæringskontorene ein uvurderleg jobb i yrkesopplæringa. Ikkje minst for små og mellomstore bedrifter på Vestlandet og elles i distrikts-Norge, som ikkje har kapasitet til å gjere alt sjølve.

Det vart difor fullt opprør på grasrota då Ap/Sp-regjeringa i fjor foreslo å skrote opplæringskontora si rolle i fagopplæringa, og sparke dei ut i grøfta. Stortinget – eit samla Storting – rydda heldigvis opp i regjeringa sitt rot, og slo fast at opplæringsrolla si rolle skal stå fast i den nye Opplæringslova.

Eg og Venstre jubla den gong, Vi var sikre på at skapet no var sett på plass ein gong for alle.

Der tok vi feil.

Når Kunnskapsdepartementet no har sendt ut på høyring forslag til forskrifter til den nye Opplæringslova, er Opplæringskontora under angrep på nytt. Trass i krystallklar beskjed frå Stortinget om at opplæringskontora sin sentrale rolle i fag- og yrkesopplæringa skal ligge fast, foreslår departementet at opplæringskontora ikkje lenger skal kunne ha ansvar for opplæring eller drive opplæring: Altså ikkje lenger kunne gjere det som ligg heilt i kjernen av oppgåvene deira, som Stortinget har sagt at dei skal kunne gjere, og som tusenvis av lærebedrifter landet rundt er avhengige av hjelp til.

For Venstre er dette heilt uakseptabelt. Vi treng opplæringskontora – meir enn nokon gong. Eg løftar no saka opp til Kunnskapsministeren gjennom eit spørsmål i Stortingets spørjetime, for å gi henne ein sjanse til å rydde opp. Om ikkje ho grip den sjansen, må Stortinget ta tak på nytt.

Ap/Sp-regjeringa sin kamp for å skyve opplæringskontora ut av vegen og ned i grøfta – og dermed også ta frå framtidsmuligheiter for ungdom og næringsliv i distrikts-Norge - må no ta slutt ein gong for alle.