Av kyrkjelydane i Stad v/Eline Sandnes:

Verda slik ho ser ut i dag krev mykje av oss. Då er det godt at Kirkens Nødhjelp er til stades der nauda er størst. Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp gjer det mogleg. To veker før påske kvart einaste år, går kring 40.000 bøsseberarar frå dør til dør over heile landet og samlar inn pengar til arbeidet deira.  I fleire tiår har norske konfirmantar vore med på denne enorme dugnaden, som gjer det mogleg å rykke ut i kriser. Konfirmantane i Stad stiller på i år og i lag med fleire.

Takka vere fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp var dei i fjor til stades med naudhjelp etter jordskjelvet i Syria. Det kunne dei også etter jordskjelvet i Afghanistan. Dei kunne dele ut mat og vatn til flaumråka i Malawi. Dei kunne dele ut mat og teppe i Gaza. Dei har kunne dele ut varme teppe og vatn i Ukraina.

Takka vere det store engasjementet til konfirmantar og kyrkjelydar, kan menneske få eit betre liv. Som i Libanon. Eit land som er sterkt prega av både krigen i Ukraina og Gaza.

I landsbyen Deir El Ghazal har Kirkens Nødhjelp bygd ein vasstank på 800.000 liter. Bønder kan igjen dyrke grønsaker og ungdomane har reint drikkevatn. I heile 40 år har landsbyen i Bekaadalen vore utan vatn. No spirar og gror det over alt.

Akkurat no gjer kyrkjelydar over heile Noreg seg klare til å gjere ein skilnad. Ikkje berre bli uroa og tenkje gode tankar, men spreie håp i ei verd sterkt prega av nød og liding.

I årets fasteaksjon møter vi Rachel som bur i Bekaadalen. Ho er som ungdomar flest. Elskar å vere på mobilen og vere saman med vener. Ho fortel korleis det var å bu i landsbyen før dei fekk det livgjevande vatnet.  Ho er eit godt eksempel på at det er håp i ein drope vatn, og at tilgang til vatn gjev store ringverknader. I tillegg til å halde seg frisk, kan ho drøyme og vere aktiv. Gjennom fasteaksjonen kan endå fleire få same moglegheiter som Rachel.

Støtt fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp 2024, «Håp i ein drope vatn».