Av Svein Fjørstad, Eid Pensjonistlag:

På det neste opne møtet til Eid Pensjonistlag vert det såleis servert juletallerken, og den nyvalde leiaren i Pensjonistforbundet Sogn & Fjordane (PF S&F), Nils R. Sandal, er gjest. Nils R. Sandal vart vald til ny leiar på årsmøtet 29.-30. mars 2023.

På den tradisjonelle Haustkonferansen til forbundet på Quality Sunnfjord hotell i Førde nyleg, der representantar frå alle pensjonistlaga i S&F var til stades, fekk han såleis høve til å presentere seg i «full breidde». Han har vore både trailer-og buss-sjåfør, bonde, ordførar i Gloppen, fylkesordførar i Sogn og Fjordane m.m..

Som nyvald leiar i PF S&F fokuserte elles på tema som fellesskap, «den sosiale aksen», «den faglege aksen», frivillegheit, solidaritet og dugnadsånd m.m..

Han kom også inn på sentrale saker som PF må arbeide vidare med, m.a. å få tannhelse inn i det ordinære trygdesystemet og heving av minstepensjonane.

Nils R. Sandal har altså vore med på litt av kvart, så det blir spennande å høyre kva han har å fortelje, på dette første møtet med Eid Pensjonistlag. Og så blir det juleribbe etterpå! Vel møtt!