Av Sigbjørn Framnes, 2.kandidat, Vestland FrP:

Som saksordførar for den første Regionale Transportplanen (RTP) for Vestland fylkeskommune fekk eg eit godt innblikk i dei utfordringane me har i fylket.

Me har eit enormt etterslepet på fylkesvegvedlikehald, inkludert vedlikehald av bruer, tunnelar og kaiar. I tillegg har vi store rasutfordringar i heile fylket.

Innan kollektiv har me også utfordringar, spesielt er dette merkbart i distrikta. Kollektiv er eit av samfunnsoppdraga me som fylke forvaltar for storsamfunnet. Det er ei viktig oppgåve for at folk skal kunne bu og arbeida i heile fylket.

Derfor er satsing på samferdselssektoren viktig for FrP.

Det må prioriterast økonomiske midlar, og me må sjå på nye løysingar. Viktige overordna prioriteringar i RTP var «meir veg for pengane» og «samfinansiering», begge deler for at me skal få meir veg for pengane fylket puttar inn. Me må i tillegg sjå på nye byggemetodar og materiale ein brukar ved brubygging. Aluminium kan være eit slikt materiale. Byggjekostnaden går ikkje nødvendigvis ned, men i eit 100 år perspektiv er det tilnærma null i vedlikehaldskostnadar. Ein annan plass aluminium kan brukast er på rasoverbygg, med standard modular som gjev kort byggjetid.

Men sjølv med nye gode løysingar må midlane til samferdsel, og spesielt fylkesveg aukast. I Fremskrittspartiet har gjort det i våre alternative budsjett dei siste åra, og for kommande fireårsperiode går me til val på å auka løyvingane med 500 mill kr pr år.

Kva vil Fremskrittspartiet satse på når det gjeld kollektiv? For oss er hyppige avgangar og billettprisen det viktigast for distrikta. Me kan ikkje bruka alle pengane på Bybanen i Bergen. Skal folk kunna bu og arbeida i heila fylket må kollektivtilbodet styrkjast også i distrikta.  Me er opne for at dette i enkelte kommunar også kan løysast med bestillingsskyss.

Så for oss i Fremskrittspartiet er hyppige avgangar, god korrespondanse og billettpris på båt, ferjer og buss viktigaste satsing innan kollektivsektoren. Alt kan ikkje i fortsetjinga gå til Bybanen til Åsane.