Av: Asbjørn Geithus, pensjonert historielærar

Kva har skjedd?

I 1918 slo Stortinget fast at det norske folket eigde naturressursane. Noreg planla utbygging av straumproduksjonen for å forsyne folk og næringsliv med straum. men etter 60- 70 år skulle kraftverket tilfalle staten vederlagsfritt. Dette vert kalla heimfallsretten. Norske selskap kunne få konsesjon (løyve) til å byggje og drive kraftverk.

Marknaden tek over

I 1991 laga Noreg ei lov som gjorde energi til ei vare. Vasskraft skulle no kunne seljast og kjøpast på ein marknad. Noreg og åtte andre land utvikla kraftbørsen Nordpool frå 1993. Alle deltakarane er pliktige til å selje og kjøpe straumen sin der. Straumen i Noreg var billeg, men straumprisen i Tyskland og England var høg. Nordpool såg kva kjøpar og seljar var interessert i å selje og kjøpe for, og skulle setje ein pris som fungerte i marknaden. Mesteparten vert omsett til Nord Pool Spot – pris, ein timepris, som vert endra time for time. Straumselskapet ditt kjøper til denne prisen, og legg til ei viss avgift for å skaffe deg straum. Ein kunde kan velje fastpris, som er stabil gjennom heile døgeret. Straumselskap kjøper straum og legg til eit påslag per kwh og ein fast månadleg sum. I Noreg kostar det 13 øre å produsere ein kwh. Ymse kostnader kjem i tillegg, som frakt og moms og andre avgifter. Men om vi gjer det enkelt og hoppar over mange detaljar, kan vi seie at salspris på 50 øre betalar for alle kostnader ein seljar måtte ha, og produsenten sit endå att med forteneste. Men som vi veit må vi betale langt meir enn 50 øre.

ACER

EU har eit overordna mål om å få heile EU til å fungere som ein marknad, på mange felt. Energi er eit hovudfelt. For å kome dit må det lagast fleire og meir effektive styringsreiskap. Då EØS-avtalen vart inngådd i 1994, var det 9 rettsakter (lover) i EU som styrde energiområdet. I dag er det 96. Og fleire er på veg. EU laga i 2011 ACER, som står for «Agency for the Cooperation of Energy Regulators» – byrået for samarbeid mellom reguleringsstyresmakter. Dette er ein reiskap for å styre mot meir like energiprisar. Stortinget vedtok norsk tilslutning til ACER i mars 2018, som ein del av EØS-avtalen.

Nokre av dei særleg utsette

I Noreg har vi om lag 2,5 millionar private hushaldningar. Dei skal i alle fall betale ein stor del av straumrekningane, enten dei kjem frå seriøse straumselskap eller spekulasjonsdøgnfluger som går konkurs. I Noreg har vi mange små bedrifter. Butikkar på bygdene er eit døme. Mange har lite å gå på. Sterkt auka straumkostnader vil vere spikaren i kista for mange. Smelteverk i Noreg har ofte eigd straumproduksjon og har forsynt smelteverket og i tillegg lokalsamfunnet. Når verka vert gamle nok, slær heimfallsretten inn. Staten overtek elektrisiteten

vederlagsfritt. Slike smelteverk og samfunn går konk dersom smelteverka skal betale Nordpool- pris. Og det er ulovleg å selje dei billegare straum enn nordpool- prisen, for det er subsidiering. Eit fyord i EU! Når kraftselskapa kan produsere til 13 øre for ein kwh og selje til Nordpool-prisar, får dei store overskot. Leiarar med store overskot skal «sjølvsagt» påskjønast. Eit døme; Konsernsjefen i Statkraft hadde i 2021 ei nettoinntekt på 7,4 millionar kroner. Fordi han var så flink fekk han i tillegg ein bonus på 802 000 kroner. Han er langt frå åleine.

Straumstøtte

Det offentlege er ein dominerande eigar av kraftproduksjon. Heimfallsretten tilfører staten stadig meir kraft. Kommunar, fylke og staten eig no 90 prosent av produksjonen. Og pengar frå dei høge prisane på Nordpool strøymer inn. Dette er ei massiv omfordeling frå hushaldningar og bedrifter til dei som eig kraftproduksjonen. Systemet er djupt urettferdig. For å lappe på dette vert det laga støtteordningar. Men regjeringa tener mykje meir på straumpriskrisa enn staten brukar på straumstøtteordninga. I 2023 er det budsjettert med 45 milliardar i straumstøtteordning, mot 80 milliardar i ekstra inntekter. Og i tillegg kjem det ekstraordinært utbyte frå Statkraft. Dette samanliknar folk med gjennomsnittleg pris før straumpriskrisa, som var like over 40 øre inkludert moms. For å halde orden på kor mykje straumkundar har kjøpt, og til kva pris, og deretter rekne ut om dei har krav på straumstøtte, og så betale ut og behandle klagar på avslag, trengst det eit byråkrati. Og kven ber kostnadene med byråkratiet?

Folket er suverent

«Nei til EU» har heile tida fokusert på at hopehavet med EU fører med seg at vi avstår styringsrett til EU. «Mener du at EU har for mye makt i Norge?» spurde Sentio i ei undersøking for nokre månader sidan. 50,5 prosent svarte ja og 26,5 prosent nei. Folkets dom: Halvparten vil ikkje avgje meir suverenitet til EU, berre ein fjerdedel støttar. I fjor ville 54 prosent melde Noreg ut av Acer på grunn av straumprisane, medan 12,6 prosent var imot. Men slik folkemeining bryr ikkje dei styrande seg om. Folkefleirtalet ser kva veg det går når Noreg bit for bit overfører sjølvråderett til EU.

ACER har makt

Stortingsfleirtalet vedtok EØS-avtalen. Forvaltninga av straum er dermed overlaten til ein internasjonal kraftbørs. Vil Noreg ha attende nasjonal politisk kontroll over krafta, må vi seie opp EØS-avalen. Tilhengarar av at Noreg skal verte EU-medlem har som taktikk å nekte for at ACER har særleg makt. ACER får berre straumforsyninga til å fungere praktisk. Dette er ein dårleg taktikk, for døma på det motsette strøymer på. I okt. 2022 bestemte ACER at Sverige ikkje fekk halde att på straumeksporten for å sikre eiga forsyning. ACER åtvarar også mot at EU-land skal avgrense eksport av energi i desse krisetider. ACER har også domsmakt. Og dersom noko land ikkje lyder

ein ACER-dom, kan landet ileggjast straff. EU-kommisjonen ( EU-regjeringa) vil auke makta til ACER. ACER skal ha kontor i alle land for å kunne gripe effektivt inn mot dei som ikkje innordnar seg. Gjennom EØS-avtalen har Noreg forplikta seg til minimum å stille 70 prosent av kapasiteten i utanlandskablane til disposisjon for sal ut av landet. Det inneber å kunne eksportere minimum 55-60 TWh (milliardar kilowattimar) årleg. I dag ligg normalt kraftoverskot på om lag 15 TWh.

Godt slagord, Støre

Støre hadde eit godt slagord i valkampen: No er det vanlege folk sin tur. Det høyrest rett og rettferdig ut. Men kva har resultatet vorte? Gjennom EØS-avtalen er Noreg kopla til prisane i Nordpool. Vi leverer norsk straum det kostar 13 øre å produsere til Nordpool. Og vi kjøper straum Noreg treng til prisen Nordpool set. Dei som eig straumproduksjonen i Noreg, haustar inn milliardar i mellomlegg. Eit Noreg som styrer våre eigne straumressursar, kan setje straumprisane ned. Men EØS står i vegen. Talet på fattige i det steinrike Noreg har auka. Satsane for ytingar for dei som lever på ymse former for trygd sakkar etter. Matkøar trudde vi høyrde fortida til, men no trengst dei att. Leiaren for Pensjonistforbunet, Jan Davidsen, sa nyleg: 33.000 uføre alderspensjonister taper mange tusen kroner i året. Sp har nyleg avslutta landsmøte. Sp krev auka nasjonal kontroll over norsk kraft. Og Sp seier nei til EU sin fjerde energimarknadspakke. Det lovar godt. Ei regjering som ikkje får snudd utviklinga der dei fattige vert fleire og møter nedskjeringar på sine magre trygdeytingar, manglar styringsevne. Og styringsvilje. Er det viktigare for Ap å ha ei høg stjerne hjå EU-leiarane enn å føre ein politikk som gjev dei stemmer i Noreg?