Då Per Steinar Myklebust frå Nordfjordeid stille sovna inn den 14. februar i år, var ein æra til ende for pionertida for ornitologi i denne regionen av landet.

Dei fleste trådar rundt utvikling av interessa for fuglelivet på Nordvestlandet og organisert ornitologisk aktivitet har denne mannen som knutepunkt.

Per Steinar vart fødd i Bergen 1932, men familien budde i Måløy der far hans var lærar.

Då krigen braut ut 9. april 1940 valde foreldra i flytte til Nordfjordeid til eit så godt som ferdig nybygd hus i Prestealléen, der Per Steinar var eldstemann i syskenflokken på fire. Akutt blindtarm med spreiing til heile kroppen hadde nær sett punktum då han var i 12-årsalderen. Men livet vann og vart langt og innhaldsrikt sjølv om sjukdomen hadde sett sine spor.

Interessa for alt som levde braut igjennom og vart styrande for Per Steinar sin livsveg.

Eit avisopprop etter folk fekk han til å søke om å bli godkjend som ringmerkar.

Den 3. juli 1950 merkte han sin første fugl, ein flugesnappar. Seinare vart det meir, mykje meir. På 1960-talet figurerte han mange år på toppen av listene over dei som hadde merkt fugl i Norge, med meir enn 4500 fuglar merkte årleg.

1954-55 starta han fugleklubb på Nordfjordeid for seks tenåringsgutar og seg sjølv, før der var organiserte tilbod for fugleinteresserte i Norge.

I 1957 vart Norsk ornitologisk foreining (NOF) stifta, og i 1968 vart fugleklubben «Rallus» frå Nordfjordeid omorganisert til lokalavdeling av NOF.

«Rallus» var Per Steinar Myklebust sitt verk. Hovudaktiviteten var kartlegging av lokalt fugleliv i Nordfjord og på Søre Sunnmøre, og arbeidet var viktig for bevisstgjering av lokal naturverdi, synleggjort ved at holmen i Heggjadalsvatnet vart freda som hekkeplass for ender så tidleg som i 1958.

Ringmerking av fugl stod sentralt, og etter at Per Steinar Myklebust sommaren 1956 var på Runde for første gong, fekk Rundabranden og fuglefjellet ein sentral plass i livet hans.

I skuleåret 1956-57 vikarierte han som lærar på øya og tende interessa for fugl blant mange av sine elevar.

Gjennom si smittande interesse og sitt målretta arbeid med å ringmerke sjøfugl, vart han ein legende for ein heil generasjon av folket på Runde.

Seinare appellerte han sterkt til generasjonen av ungdomar i lokalavdelinga av Norsk Ornitologisk Foreining. Mange av dei valde naturfag og naturforvalting som studieretning og fekk seinare arbeid innafor naturforvalting, undervisning eller forsking.

Per Steinar gjekk lærarskule i Volda 1953-56, og etter vikariat på Runde i 1957 studerte han zoologi ved Universitetet i Bergen og møtte Johan Fr. Willgohs, som fagleg hadde ei viktig rolle for at fuglelivet på Runde vart freda 1957.

Dette vart ei fagornitologisk periode for Per Steinar Myklebust.

I 1958 og 1959 hadde han turar til Revtangen ornitologiske stasjon og fekk eit nært venskap med leiaren der, Anders Bernhoft Osa. Hausten 1959 var han til Ottenby Fågelstation på Öland som stasjonssjef og møtte nye trekkfuglartar og nye fangstmetodar for merking av fugl, dei såkalla «japsenetta» som han seinare introduserte heime og etablerte eitt av dei aller første miljøa i Norge for nettfangst av fugl for ringmerking.

Inspirert av dette såg Per-Steinar for seg å etablere ein ringmerkingsstasjon for trekkande fugl på kysten av Nordfjord eller Sunnmøre. Ringmerkingsstasjonen på Giske har seinare til overmål vist at Per Steinar hadde hatt rett i si vurdering av dette potensialet.

Frå hausten 1959 var Per Steinar Myklebust lærar på Søre Sunnmøre og i ytre Nordfjord før han flytta heim att til Nordfjordeid som lærar, men heldt fram med feltornitologi på fritid og det som var ein naturleg del av hans interesse for og omgang med fugl – ulike fjørfe og tamfuglar: For Per Steinar var tamfuglar eit praktisk kunnskapsgrunnlag som gjorde han betre i stand til å sjå og forstå fuglane sine åtferdsmønster. Og han heldt fram som den sjølvsagde mentoren for det som gjaldt fugl, om det var bak kateteret eller på ekskursjonar som lærar, det var i fritid i lag og organisasjonar, eller det var over for menigmann lokalt.

Per Steinar Myklebust ringmerkte fugl over eit breidt spekter, men største tala kom først og fremst frå fuglefjellet på Runde. Ringfunna av krykkje var sensasjonelle.

Ingen hadde sett for seg at krykkjene kryssa Nord-Atlanteren og hadde Vest-Atlanteren som viktigaste for næringssøk utanom hekketida.

Ringfunn av toppskarv viste raskt at menneskeskapte dødsårsaker (jakt og fiskegarn) var dominerande. Bestanden heldt seg så lenge mattilgang og ungeproduksjon var god, men etter næringssvikt på 1970-talet, kollapsa bestanden. Ringmerking av lomvi på Runde la grunnlaget for kunnskap om artens vandringar innan ulike aldersklassar og til ulike årstider, frå Barentshavet i nord til Nordsjøen og Skagerrak i sør.

Per Steinar ringmerkte årleg i fuglefjella på Runde frå 1956 til og med 1970 og stod for meir enn 17.700 av meir enn 20.500 sjøfuglar ringmerkte på Runde desse åra. Denne kunnskapen vart viktig referanse då hekkinga hos krykkje kollapsa frå 1971, hos toppskarv frå 1975 til 1979, og for begge artar katastrofal nedgang over tid.

Takka vere det han gjorde, fullt ut idealistisk og interessebasert, har vi eit referansemateriale for sjøfuglovervakingsprosjekta frå 1970-talet til i dag.

Han hadde eit organisatorisk og sosialt talent som smitta over på andre, både frå fugleklubben Rallus, ringmerking, og naturopplevingar. Som mentor bygde han opp ein generasjon av fugleinteresserte ungdomar som følgde i hans fotspor og gav kontinuitet i dei aktivitetane og dei interessefelta han grunnla. Takka vere han ser vi framleis påfallande interesse og naturglede i dei bygdelaga og den regionen der han budde og arbeidde.

Ingen skal vere i tvil om kva pioneren og mentoren Per Steinar Myklebust har bygt opp og overlevert til andre i denne delen av Norge. For dette vart han av Nordvestlandet lokalavdeling av NOF under årsmøtet i Norsk ornitologisk foreining i Ålesund 1971 utnemnt til første æresmedlem i avdelinga. Hans aktivitet og påverknadskraft viser att i nasjonal samanheng. Særleg sterk gjennom ei smittande glede ved opplevingar og møte med fugl og anna levande i natur og terreng.

Det er i djup takksemd vi lyser fred over Per Steinar Myklebust sitt minne.

Alv Ottar Folkestad

– på vegne av ornitologmiljøet i Nordfjord og på Sunnmøre