Av Synnøve Aabrekk, dagleg leiar i Stad Vekst:

Svar til Randi Humborstad sin reaksjon på mitt innlegg:

Det skapar verken samhold eller samarbeid at vi internt i regionen spelar kanonball i avisene med skyts på kvarandre og tolkar svar slik det høver oss best.

I mitt innlegg var eg tydeleg på at vi må arbeide for at våre ungdomar i framtida får like stor breidde i sine valmoglegheiter i vidaregåande skule som i andre regionar i Vestland, og at vi må kjempe for at tilbod ikkje blir flytta ut av regionen. Det er viktig at næringslivet peikar på dei behov vi har i regionen vår, ikkje minst synleggjer kompetanse vi kjem til å ha bruk for i framtida.

Eg har ikkje sagt noko om flytting av ei line frå Måløy til Eid.

Eid vgs. har alltid hatt 2 liner VG 1 Studiespesialisering, og at det i år er søkjartal for å starte begge. Dette vert støtta av eit breitt næringsliv i Stad.

Samtidig kjempar vi for å behalde det einaste tilbodet FBIE vi har i gamle Sogn og Fjordane, ei line som er i tråd med behov i næringslivet og som Nordfjord har behov for.

Eg vil absolutt støtte Randi Humborstad i at vi samlar oss om å finne dei beste løysingane for Nordfjord.