Av Guri Melby (leiar i Venstre) og Alfred Bjørlo (helsepolitisk talsperson i Venstre)

Norske Kvinners Sanitetsforening har gjennom mange år bygd opp eit landsdekkande tilbod for å hjelpe pårørande til dei som slit med psykisk sjukdom eller rus. No står tilbodet i fare for å bli rasert, fordi Ap/Sp-regjeringa vil fjerne tilskotet til Sanitetskvinnene sine pårørandesenter.

Det må ikkje få skje. Venstre vil ta kampen for Sanitetskvinnene, og for dei andre frivillige organisasjonane innanfor psykiatri og rus som no står i fare på grunn av meiningslause kutt og omlegging i tilskotsordningar frå Ap/Sp-regjeringa.

Dei pårørande – som slit seg ut for å hjelpe sine næraste som er råka av sjukdom - ligg ofte i ei blindsone for staten og det offentlige. Nettopp difor betyr jobben Norske Kvinners Sanitetsforening og andre organisjonar gjer, så mykje.

Så mange som 450.000 born i Norge har minst éin forelder med rus- og/eller psykiske helseutfordringar. Sanitetskvinnene har satsa spesielt på å hjelpe born og unge som er pårørande til vaksne med slike utfordringar, og hadde over 10 000 pårørandesamtaler i 2022.

Vi i Venstre åtvara allereie i fjor haust om ein klønete og forhasta prosess frå regjeringa i ei varsla omlegging av støtteordninga til frivillig arbeid innanfor psykiatri og rus, og at det var reell fare for at fleire tilbod kunne bli lagt ned.

Dette ser vi no skjer – med små og store frivillige hjelpetilbod over heile landet. Difor krev Venstre at regjeringa no tar ansvar og kjem med ekstra løyvingar til Sanitetskvinnene og andre frivillige organisasjonar innanfor psykiatri og rus i revidert nasjonalbudsjett.

Takk til Sanitetskvinnene og alle andre frivillige landet rundt som står på for å skape eit betre liv for dei som slit i kvardagen. Venstre er på lag med frivillig-Noreg - gode frivillige hjelpetilbod innanfor psykiatri og rus bør byggjast opp, ikkje ned.