Takk Barbara fordi du vekker oss opp for å sjå og reagere mot all søppelen som ligg strødd utover nær sagt overalt rundt om i Eid! Vi her oppe i Nord trur vel gjerne at vi er spesielt naturglade og flinke når det gjeld miljøet rundt oss. Men er vi alltid det? Vi forfaser oss over andre land i sør vi besøker i feriene våre. Men er vi så mykje bedre sjølve?

MEN -det er nok eit mindretall som legg igjen dette søppelet og vi andre både ser og ikkje ser det. Ein vert so vant med det at ein lett resignerer, sjølv om ein i utgangspunktet er rasende sint over kva enkelte kan få seg til å hive frå seg; øl- og brusboksar, glasflasker,svarte hundeposar,plastposar og mye anna. Og so tenker nok mange med meg at kvifor skal eg plukke opp etter andre det dei ikkje gidder å få med seg.Som lita jente i 50 -åras Sverige fekk eg ein skjennepreike av faren min som eg aldri gløymer: Eg hadde hivt eit kolapapir ut av bilvindauget og den satt! So det er viktig med oppdragelse for å skape holdningar. Her treng vi verkeleg ein kollektiv innsats for å få rydda opp. Det er jo akkurat det som har skjedd mange ganger tidlegare og til 17. maj bruker det no sjå nokså fint og ryddig ut takka vare innsatsen til mange frivillige, både voksne og barn, også frå skuler og barnehagar.

Så var det då dette med organiseringa? Vi i Naturvernforbundet i Eid meinar at det ikkje kan vere oppgåva til ein spesiell organisasjon.Men at kommuna i samarbeid med handelstanden, som jo sel mykje av det som kjem på avvegar, burde vere sitt ansvar bevisst og trå til. Og da kunne vi sjølvsagt vere med å hjelpe til!

Ser at du Barbara har hatt kontakt med ordføreren og vi ser fram til å få bidra med det vi kan for å få tilbake det reine og fine Nordfjordeid som vi alle er so glade i og stolte over.