Av Torbjørn Vereide, Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet:

Som folkevalt har eg fått møte mange menneske i Nav-systemet. Folk som jobbar i NAV, og folk som treng hjelp i NAV. Nokre møte er prega av gråt, og andre av håp. Sanninga er at det er meir enn nok av begge delar. Folka som jobbar der er dyktige, men om styringssignala frå stortinget ikkje er gode nok, så blir det vanskeleg å gi den rette hjelpa.

Ein kunne sagt mykje om kva Erna Solberg sitt straffe-år (Karensåret) i NAV har medført for liva og familiane til folk. Dei årlege ostehøvelkutta i grunnberedskapen, eller kva som skjer når fleire menneskjer blir avhengig av uføreforsikring og advokathjelp for å klare seg. Her er det mykje skal ordnast opp. I dag vil eg fortelje litt om vårt alternativ.

For at folk skal få den hjelpa dei treng, må NAV vere tilgjengeleg. Ansvaret for det er først og fremst politisk. Derfor har vi akkurat innført ein ny rettleiar for sosialhjelp som gir tilsette i førstelinja eit betre handlingsrom til å utøve skjønn og ta høgde for dagens situasjon med auka levekostnadar. Det er eg glad for.

Det gamle politiske mantraet var «flest mogleg vedtak» «med færrast mogleg tilsette». Det var sikkert bra i teorien, men siste Nav-rapport slår fast at dette berre sender folk inn i klage- og ankeprosessar. Som det farlegaste feltet i stigespelet, så rykker du tilbake til start. For folk i ein sårbar situasjon blir denne ventinga hard. Her vil vi prioritere betre tid i første runde.

I dag er 100 000 unge under 30 år utanfor arbeid og utdanning. Dei siste 10 åra har talet på unge uføre dobla seg. Det er ein dyster statistikk som vi er nøydde til å få snudd. Derfor satsar Arbeidarpartiet på ungdom og ein ungdomsgaranti i NAV som kan hjelpe unge til å fullføre utdanning og delta i arbeidslivet.

Eit etterlengta tiltak i verktøykassa, er at det også vil bli mogleg for fleire unge uføre å kombinere trygd og arbeid. Sjølv om helsa ikkje skulle vere god nok til eit arbeidsliv på heiltid, er det ingen tvil om at det er positivt for alle som kan få vere ein del av eit arbeidsfellesskap.

Fleire unge vaksne må få fullføre utdanninga si. I dag står 70 prosent av unge menneske på arbeidsavklaringspengar utan ein fullført vidaregåande skule. Om du manglar utdanning blir vegen arbeidslivet mykje hardare. Derfor utvidar vi no studierettane og sikrar at fleire skal få den oppfølginga dei treng for å fullføre utdanninga.

For Nordfjord er dette viktig. Næringslivet vårt treng alle gode krefter. Vi har ikkje råd til å miste fleire folk til utanforskapet. Same kor sterk du kjenner deg no, så kan vi alle trenge litt hjelp i løpet av livet. Og da skal systemet fungere.