Av: Judith Kvåle, ordførarkandidat for Stad Ap

Folkevalde vil gjerne frede det som har vore og samtidig seie ja til alt ein ynskjer seg. Ikkje alltid er dette råd å få til å gå hop. På den måten er vi vel som folk flest, vil eg tru, vi vil ikkje utfordre i fredstid. Særleg gjeld dette i valår, då innbyggarane skal gi si stemme til den dei tenkjer skal lede kommunen dei neste 4 åra. Men i eit folkevald verv – som i alle andre rollar i samfunnet – er det realitetar ein må halde seg til. Å ikkje halde oss til dei faktiske utfordringane vi har i kommunen er ikkje ansvarleg handsaming.

For faktum er at Stad kommune brukar meir enn vi får inn. Til tross for at alle einingar driv så økonomisk som råd, og er så budsjettru som råd, har vi det som heiter kostnadsdrivarar i alle einingar. Det handlar om geografien i kommunen, kvar folk bur, alderssamansetning, særskilde utfordringar, gamle synder og gamle prioriteringar. Når desse rammene er gitt er det vårt ansvar å utforske og undersøke kva ein kan gjere annleis for å hindre at det vert staten som i praksis styrer Stad kommune frå 2026.

Slik rapporten frå Agenda Kaupang ligg føre, er det mange ting ein må undre seg over. Det media har trekt fram som ein konklusjon er at skulane i indre del av Stad skal slåast saman til ein skule. Det fordrar areal, økonomiske investeringar, omlegging av arbeidskvardagar og ikkje minst mange år med provisoriske løysingar før ein er i mål. Når ein fyrst er i mål, vil ein spare rundt 12 millionar kroner  i året. Dette står fram som noko utopisk for oss alle, særskild sidan bygga som er foreslått nedlagde er gode – berre for store. Det er også klart at desse bygdene har gode skular innhaldsmessig, med stor trivsel og engasjement. Sentrumsskulen er også den skulen der det vert nytta minst kroner pr elev, samanlikna med dei andre skulane.

Vi kunne ha sagt oss ferdige med saka på bakgrunn av denne konklusjonen, men då meiner eg vi ikkje fyller det mandatet vi har fått. Vi må sjå kva vi då kan gjere for å kome i mål. Og vi må vere trygge på at dei vala vi tek i dag, ikkje kjem tilbake i neste budsjettrunde. Dei vedtaka vi gjer skal vere kunnskapsbasert og stå seg i lang tid framover. Det treng dei tilsette, og det treng elevane.

For oss i Stad Ap vil kvalitet i skule- og barnehage, med gode forhold for læring og trivsel for alle barn og ungdomar i kommunen, alltid vere det viktigaste.

Eg kjem nok ikkje til å frede noko utan å ha kunnskapsgrunnlag som viser at eg gjer gode val. Dette kunnskapsgrunnlaget trur eg administrasjonen er dei beste til å lage. Det er dei som kjenner dei lokale tilhøva, skulekrinsane og menneska. For opp i alle debattar om endring handlar det om nettopp enkeltmenneske. Det eg derimot kan love, er at tilliten til dei tilsette i skulen og arbeidet deira er stor og at saman skal vi klare å skape ein god skule for alle. Det er så absolutt mogleg å ha ein god skule i eit gamalt bygg, for ein god skule er i mindre grad avhengig av bygningsmassen, men i høgste grad avhengig av gode lærarkrefter, god leiing og evne til å skape eit godt og trygt lærings- og oppvekstmiljø.