Av Svein-Ottar Sandal:

Det handlar mykje om ligitimiteten til fylkeskommunen. Gjennom den vidaregåande skulen møter ein ungdom sitt framtidige utdannings og yrkjesval, her møter ein foreldregenerasjonen, her møter ein mæringslivet sitt behov for arbeidskraft, her møter ein regionar og kommunars utviklingsbehov og her er ein med på å skape viktige kompetansearbeidsplassar i kommunane.

To krevjande prosessar

Vestland fylkeskommune har i vår køyrt samtidig to prosessar knytt til vgs. Justeting av utdanningstilbodet til hausten basert på søkjartall og parallelt ei stor sak om struktutelle endringar i vgs.

Dette har vore og er svært krevjande. Det har ført til tidenes største engasjement, elevar er sett opp mot kvarande, næringsliv er sett opp mot kvarandre, kulturinteresser er sett opp mot kvarandre, kommunar og regionar er sett opp mot kvarandre. Det oppleves kom kaos.

Dette kan fylkeskommunen som skal vere ein samlande part ikkje vere bekjent av.

Distriktsskulane blir taparen

Skal ein ta opp og ned utdanningstilbod kvart år etter mindre svingningar i elevvala og elevtalet er det klart kven som blir taparen. Det er distriktsskulane, byskular og store skular greier desse svigningane utan at totaltilbodet vert svekka. Den desentraliserte vgs blir sett på ei hard prøve

Riper i lakken

Det blir reist viktige spørsmål om kunnskapsgrunnlaget bak den administrative tilrådinga. Ein kan også spørje om dei administrative forslaga er forankra internt i fylkeskommunen, og korleis dialogen har fungert.

Mange rektorar seier at forslaga kom heilt overraskande på dei. Dette har ført til at rektorar og tilsette har blitt pressa til å gå aktivt ut mot sin eigen organisasjon.

Det er ikkje veldig mange år sidan ein slik arbeidsmåte ikkje var «god latin»

Fylkeskommunen har gjennom denne saka påført seg stygge «riper i lakken.« Riper kan ein enkelt og utan store kostnader rette opp. Værre blir det om det vert «bulkar,»dei er vanskelegare å rette opp og er langt meir kostnadskrevjande!