Skrive av Ådne Reidar Nes Kleppe, lektorstudent og nestleiar for AUF-studentar i Trondheim.

Stortingsfleirtalet, ved Høgre, Senterpartiet og FRP, vil ha ei lønnsauke for stortingsrepresentantane. No vil dei ha ei løn på 1.064.318 kr.

Det er rett og slett heil utruleg at stortingsfleirtalet går inn for lønnsauke i ei tid som denne, når vanlege folk får mindre å rutte med, og truleg òg ei reallønnsnedgang i løpet av året som kjem. Ser ein ikkje lenger enn si eia nase? Løna til stortingsrepresentatntane vert no altså ca. på det dobbelte av gjennomsnittsløna i Noreg. Tal frå statistisk sentralbyrå viser at 6/10 nordmenn tener under 500 000 kr. Kva er det som gjer at stortingsrepresentantane tenar meir enn dobbelt av det folket ein er valt inn for å representere tener.

Usmakeleg, rett og slett. Korleis skal stortingsrepresentantane forstå korleis vanlege folk slit med å få endane til å møtes, når dei sjølve har ei løn blant dei 6% rikaste i Noreg. Når vanlege folk i Noreg møter dyrare straumprisar, dyrare bensin, auka renter på bustadlån, og dyrare mat, så responderer stortingsfleirtalet med å gi seg sjølv ei lønnsauke som stiller dei sjølve på ein heilt annan liga i Noreg, nærast som ei eiga samfunnsklasse, med eigne privileger.

Om ein skal kunne forstå utfordringane til den vanlege manen i gata, så må ein òg kunne kjenne på dei same utfordringane. Stortingsrepresentantane har med dette stilt seg lenger vekk frå det tradisjonelt solidariske og moderate tankesettet som nordmenn flest har. Eg lurar på om representantane ikkje ser verkelegheita for folk flest, når dei sjølve kan innvilge seg meir pengar å rutte med. Det verkar til at stortingsfleirtalet no har bevist at det ikkje er vanlege folk som sit med makta.

Vanlege folk bestemmer ikkje eiga løn. Vanlege folk får beskjed om at det blir tøffare tider i møte, og at ein må vere budd på å stramme inn livreima i tida som kjem. Det er slik politikarforakt vert styrka, og tilliten til demokratiet vert bygd ned. Det var ein trist dag for Noreg.