Av Hans Christian Hansen, ordførarkandidat Stad SV:

I media har det dukka opp ein diskusjon om at ein kreftkoordinator må på plass i Stad kommune. Og det synest vi i Stad SV er bra. Det vi derimot ikkje forstår er at det berre er løyvd midlar for ei 25 % stilling, resten skal fyllast opp i heimesjukepleia.

Vi veit at det har vore kreftsjukepleiarar med rett utdanning og kompetanse på intervju, som har takka nei.

Stad SV vil ha 100% stillingar for nytilsette innan helse og omsorg. Det same vil vi for alle andre tenester som er kritiske, og som er lovpålagde.

Fulle stillingar vil gjere Stad kommune meir attraktiv. Dei partia som har styrt Stad kommune dei siste åra, har ikkje gjort ein god nok jobb på dette området. Dette er noko Stad SV vil gjere noko med.

Å få på plass ein kreftkoordinator i 100 % stilling vil både lette byrda for dei som har fått kreft, og heimesjukepleie generelt. For brukarar vert kvardagen enklare om dei slepp å forholde seg til store sentralsjukehus som Førde og Haukeland til ei kvar tid.

Stad SV set stor pris på at dei andre partia no går ut og vil ha ei slik stilling på plass. Men vi ynskjer og at det vert ei full stilling, der det vert ei skikkeleg organisering rundt denne stillinga, slik at alle kan få ei fullverdig omsorg og hjelp. Å få ein kreftkoordinator med eit team rundt seg i ei utkantkommune vil gjere kvardagen enklare for dei som treng det.