Av Hans Holmøyvik

Sitata er henta frå avismeldingar om band 2 av Bygdebok for Eid. Steinar Furnes si ferske bok har hausta drøssevis med lovord.

Ho tek føre seg grendene ved Hornindalsvatnet som fram til 1965 tilhøyrde Hornindal kommune. Då vart dei ein del av Eid.

Det ligg utruleg mykje abeid bak ei slik kvalitetsbok.

Og det er nettopp forfattaren sin enorme fritidsinnsats med å innhente opplysningar, systematisere desse og få dei presentert i bokform, eg gjerne vil hylle.

I og med at Steinar Furnes har «reflektert» litt med underteikna, slik han skriv i forordet sitt, har eg fått eit godt innblikk i det veldige engasjementet han har vist for å få realisert bokprosjektet.

Bygdebok for Eid bind 2 er ute. Foto: privat

Gjennom prosessen som ligg til grunn for boka, har Steinar Furnes vore i kontakt med ei lang rekkje personar frå gardsnummera som strekkjer seg frå Frislid til Skrede.

Han har fått fleire til å kome med opplysningar, bilete og tekstar som har funne sin plass i boka. Samstundes har Furnes innhenta ei stor mengd informasjon frå andre kjelder.

Mange av oss som bur i desse grendene, har såleis fått ny og utfyllande kunnskap om slekts- og bygdehistoria vår. Kort sagt ein imponerande innsats av Steinar Furnes.

Stor honnør også til Eid sogelag som står bak utgjevinga av bygdebøkene. Det same til Truls Songstad som har hatt hovudansvaret for bileta. Eit omfattande arbeid også det.

Resulatet har vorte ei grundig, oversiktleg og fin bok. På begge sider av Hornindalsvatnet er vi mange som er svært glade og takksame for å ha fått historia vår presentert på ein slik måte.