Dette innlegget er skrive av Ståle Sandal, Stad Sp:

For det første finn eg det urovekkande at Fjordabladet ikkje ein gong finn endringsframlegget frå Stad Sp interessant nok til å nemne. Stad Sp uttrykte sterk motstand mot å pålegge dei frivillege renter på ei forskottering av tippemidlar. I saksomtalen til Fjordabladet er dette ikkje nemt med eit ord, og det uroar meg. I den siste tid har Fjordabladet sett søkelys på forfall på idrettsbaner, noko vi applauderar. Det blir like fullt overraskande at ein som lokalavis då ikkje finn det interessant å nemne kva konsekvensar dette vedtaket får for dei frivillege. Det er tross alt dei som ynskjer gjere arbeidet som vert etterspurt.

La meg forklare grunngjevinga for vårt framlegg. I tildeling av tippemidlar må den frivillege organisasjonen framskaffe 2/3 av midlane i prosjektet. Eit eksempel vil vere at eit anlegg til 1.200.000kr, krev 800.000 kr i eigenkapital og utløyser 400.000 kr i tippemidlar. Det er denne tredjedelen kommunen no beundringsverdig ynskjer opprette eit fond som forskotterar i påvente av utbetaling. Det er nemleg slik at Vestland fylkeskommune er den fylkeskommunen med størst etterslep på utbetalingar i heile landet. Ein søknad vert godkjent, men det kan ta mange år før det kjem til utbetaling frå fylket. Desse åra skal no dei frivillege i Stad kommune nytte til å betale renter til kommunen, fordi dei må lide for etterslepet til fylket.

Det er ei kjennsgjerning at vi i Stad kommune har ein kulturskule som kostar så mykje at born og unge må lite på at dei veks opp i ein familie som kan betale kontigenten. Stad kommune kjem også høgt opp på lista i høve kostnad på leige av kommunale bygg, noko dei frivillege må dekke gjennom kontingent frå born og unge. Fleirtalet i kommunestyret var ikkje interessert i å nedjustere denne vidare, eit arbeid som seinare år har vore på god veg.

Det vert snakka varmt om bulyst og jakta på å få fleire til å flytte heim. Då er eg redd politikarane i dette vedtaket nok ein gong lenar seg på eit rekkverk som snart gir etter, nemleg dei frivillige.

Vedtaket Stad kommunestyre sitt fleirtal no gjorde i førre veke, vert enno eit pålegg på kostnadar for å halde spesielt born og unge i aktivitet. Det vert snakka varmt om bulyst og jakta på å få fleire til å flytte heim. Då er eg redd politikarane i dette vedtaket nok ein gong lenar seg på eit rekkverk som snart gir etter, nemleg dei frivillege. Det er ikkje nok å kome på dei frivillege si feiring i Operahuset for eit bilete ved kaka, skrive flotte innlegg på Facebook som gir masse likes og deretter gjere vedtak som dette. Ein må meine noko, og deretter vere villeg til å innfri.

Eg må presisere at eg ikkje klandrar administrasjonen i Stad kommune i dette innlegget, sidan eg ser at dei er nøydde til å legge fram vedtak som samsvarar med varsla utfordingar i økonomien.

Derimot så rettar eg mitt søkelys på dei folkevalde, for dei har makta til å prioritere. I dette tilfellet er eg redd at ein nok ein gong tenkjer at eldsjelene bergar dette og.

Då er eg redd lokalpolitikarane som trur dei frivillege ropar ulv ulv, snart innser at ulven er komen.