Av Judith Margrethe Kvåle, ordførarkandidat Stad Ap

Sigurd Reksnes, ordførarkandidat Stad Sp

Ola Teigen, ordførar Kinn kommune Ap

Sidsel Kongsvik, varaordførar Kinn kommune Sp

Det er heilt normalt at kostnadane aukar, sett i lys av den kraftige prisstigninga i Norge den siste tida. Vi forstår ikkje kvifor det er akkurat Stad Skipstunnel som skal settast på vent.

Dette er det eine prosjektet på Nordvestlandet av ein viss storleik som er ferdig planlagt og klar til å settast i gang. Medan det pågår store investeringar i samferdsel andre stadar i landet, er det ingen større prosjekt under utbygging på Nordvestlandet.

Det er gode grunnar for at Stortinget har vedtatt at skipstunnelen skal byggast. I tillegg til å sikre tryggleiken for sjøfolk og transport langs kysten, vil tiltaket vere som natt og dag når det gjeld logistikk og moglegheita til å verkeleg nå målet om å få meir gods frå bil til kjøl. Dette vil spare vegane, og gjere vegane tryggare også. Og ikkje minst vil det ha stor positiv innverknad på miljøet.  Dette er difor ei investering som landet ikkje har råd til å vente med.

For Stad og Kinn kommunar og heile kysten er dette svært alvorleg.

 Stad Skipstunell er eit nasjonalt prosjekt som er viktig for heile kysten og landet. Det er lagt stor vekt på at tunellen skal gi mest mogleg positive ringverknadar. Ei berekraftig utbygging av Stad Skipstunell inkludert handtering av steinmassar krev involvering og samarbeid med lokale og regionale myndigheiter og næringsliv. Ei rekkje initiativ innan industri, reiseliv og fiskeri er planlagt med grunnlag i nye næringsareal frå steinmassane.

Kommunane har saman med private aktørar nytta mykje ressursar i fleire år allereie. Dette er snakk om fleire ti-tals millionar kroner.

No er vi midt i kostnadskrevjande prosessar for nettopp å sikre at bygging av skipstunellen skal gi mest mogleg positive ringverknadar i lokalsamfunnet.

Dagens nyheit er såleis både skuffande og særs provoserande! Vi trur både det offentlege og private aktørar fryktar at investeringar skal gå tapt når ein får ei nyheit som i dag.

Stortinget har vedteke bygging av tunellen. Regjeringa bør tenke på korleis dei skal sikre si eiga truverd, og eit konstruktivt samarbeid og engasjement med lokale og regionale myndigheiter knytt til dette nasjonale prosjektet. Måten regjeringa går fram på no, bidreg ikkje til dette.

Vi treng forsikringar om at tunellen blir bygd! Ein kan ikkje la lokalsamfunn, kommunar og næringsliv leve i eit vakuum der gulrota stadig vert flytta litt lenger vekk.