Av Bård Fløde:

Stad kommunestyre gjorde 04.05. vedtak om å sende søknaden om støtte/ underskotsgaranti frå Dragseidspelet attende til administrasjonen for saksutgreiing.” Elskhug og Eksis” fekk omsøkte underskotsgarati  tidlegare i møtet --- etter ein søknad som var  saksutgreidd.

Søknaden frå Dragseidspelet er journalførd i Stad kommune 31.01.!

Søknaden frå Dragseidspelet var neglisjert/ lagt til side av kultursjefen – heilt til avisa kunne referere formannskapet si tilråding gjeldande ”Elskhug og Eksis” sin søknad. Først når Stadlandet Ungdomslag så etterspør handsaming av eigen søknad frå januar, kastar administrasjonen seg rundt og tek inn saka til ks-møtet 4. mai….. med resultat: saka går attende til administrasjonen for sakshandsaming!

Eg finn grunn til å stille spørsmål til administrasjonen i Stad kommune om kultursjefen har fått med seg at den nye kommunen faktisk også inneheld tidlegare Selje kommune  ( kommunen som alltid støtta spelet med tilskot eller underskotsgaranti !) ?

Det er svært trist for eldsjeler å oppleve slik forskjelsbehandling! Og det er trist å oppleve at administrasjonen  kan gå fram på denne måten utan at dette kjem tydeleg fram for dei folkevalde!