Anne-Joril Bratlie Haugland heldt tale til barnetoget på Nordfjordeid i dag.

Her kan du lese heile den:

Kjære alle saman og særskilt alle ungane i dag, Gratulerer med dagen!

17. mai er Noreg sin gebursdag, og eg hugsar at dette var ein av favorittdagane i året når eg sjølv var barn.

Noko av det eg likte aller best var korpsmusikken. Når eg etterkvart begynte å spele i korps sjølv, så var 17. mai framleis veldig kjekt. Men også ganske slitsomt, og eg kan framleis kjenne blodsmak i munnen etter masjering og speling. For det er ikkje så lett å gjere samtidig. Eg veit kor mykje øving som ligg bak, og fleire med meg er svært takksame for at korpsa er med oss i dag og skaper stemning og tradisjon. Eg synast vi skal ta ein ekstra applaus for korpsa våre!

Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes.

Ein anna grunn til at eg var så glad i 17. mai som barn, var at eg fekk pynte meg, og at alle såg så annleis ut enn ein gjorde til kvardags. Det synast eg framleis er veldig fint.

I dag har eg på meg bunaden som eg har arva etter bestemora mi Anna. Ho gifta seg med bestefaren min og flytte hit til Eid frå Hardanger i 1945. Det året 2. verdenskrig tok slutt. Ho hadde ikkje så mykje å ta med seg, men noko av det viktigaste var denne bunaden. Den fortalde litt om kven ho var og kvar ho kom frå. Det som var litt rart, var at folk i bygda begynte å kviskre litt når dei såg denne bunaden på 17. mai. For den var litt annleis enn den bunaden som er herifrå, nordfjordbunaden. Og kven var denne unge dama som hadde på seg «annleisbunaden» og i tillegg snakka ei annleis dialekt?

Heldigvis gjekk det ikkje så lang tid før bestemora mi vart kjend med folk, og dei lærte seg at det som var annleis med henne slett ikkje var noko å vere redd for. I dag er det ikkje slik at det blir bygdesnakk av ein bunad som ikkje kjem frå Nordfjord.

Barnetoget i dag representerer eit mangfold som gjenspeglar den bygda og det samfunnet vi lever i saman. Det er bunadar frå heile landet, festdrakter, finkle og drakter frå andre land og kulturar.

Dette gjer både 17. mai og kvardagen våre spennande. At vi lever saman med menneske som ikkje er heilt like oss sjølve. At ein går i klasse med nokon som har ein annan hudfarge, snakkar eit anna språk eller trur på ein anna gud. Det lærer vi mykje av, og kvar einaste av dykk er like mykje verdt uansett korleis ein er.

Eg kjenner fleire her i dag som feirar 17. mai for fyrste gong, sjølv om dei går på skulen. Stad kommune har teke i mot 96 flyktningar sidan 17. mai i fjor. Mange av dei har flykta frå krig, svolt og naud. I dag er dei med å feirer friheita og demokratiet vi har i Noreg. At de som born kan vekse opp i eit land der ein slepp å vere redde, der ein kan snakke fritt og tru på det ein vil. Det er viktig å setje pris på, for slik er det ikkje alle stader i verda.

Det er viktig at vi har gode barnehagar og skular, slik at de som skal ta over landet vårt har det beste utgangspunktet for det livet de skal leve. For de skal tross alt leve her lenger enn oss som er voksne i dag. Difor må vi som er vaksne i dag gjere alt vi kan for å skape eit samfunn som er verdifullt å arve. Og nokre verdiar må ein passe ekstra godt på.

Demokratiet og mangfaldet er noko av det viktigaste vi har. Det kan ikkje kjøpast for pengar. Og det tek mange år å byggje opp.

Ein anna verdi som det er viktig å ta vare på er naturen og klimaet vårt. Naturen rundt oss er veldig, veldig gammal. Men det tek oss menneske fryktelig kort tid å øydeleggje den. Frisk luft, reint vatn i fjorden og dyrkbar jord kan heller ikkje kjøpast for pengar. Det er viktig at dei som bestemmer i dag forstår dette, slik at vi kan gi frå oss eit samfunn og ei verd som er minst like bra som den vi overtok frå våre forfedrar.

Det er viktig at de som er born får lære korleis naturen heng saman og kor avhengige vi er av å spele på lag med den. No og i framtida. Det er nemlig det som kallast bærekraft. At vi saman kan bruke kreftene våre på å skape eit samfunn prega av respekt for kvarandre, for vår felles historie, for naturen vi omgjer oss med og skal omgje oss med i framtida. Vi har mykje å verdsetje saman.

Eg håpar alle får ein strålande nasjonaldag. Til lukke med dagen og takk for meg.