Av Webjørn Moa, president, Nordfjordeid Rotary Klubb:

25 musikarar frå Ukraina skal på Norgesturne i 14 byar i april, der dei m.a. skal besøke Førde, Bergen og Haugesund. Turneen samlar inn pengar til Mobile Naudhjelpsklinikkar som er bygde på tilhengarar som lett kan flyttast dit dei trengs mest. Ein av disse tilhengarane har rapportert om 7.000 behandlingar i løpet av 3 månadar, så behovet er stort.

Det er allereie samla inn 4,5 millionar kroner til dei rullande sjukehusa som blir sende fram til fronten i krigsområda i Ukraina, byar vi høyrer om og ser på nyheitene kvar dag. Dei ukrainske musikarane som er med på å finansiere desse naudhjelpsklinikkane, kjem til Førde kyrkje 12. april. Saman arrangerer dei fem rotaryklubbane i Sogn og Fjordane ein av dei tre konsertane som skal haldast i Vestland fylke, og Førde Rotary Klubb har fått gleda av å vere vertskap.

Pennen er mektigare enn sverdet, og endå sterkare vert han i kombinasjon med musikk, kultur og århundrelange tradisjonar. Banduraen er nasjonalinstrumentet i Ukraina, og spelar ei viktig rolle i det ukrainske folkets motstandskamp. Instrumentet er kjent i Ukraina sidan 1400-talet, og var forbode å bruke i sovjettida. Ved eitt høve vart tre hundre ukrainske banduristar inviterte til eit musikkstemne – men i staden for å spele, vart dei avretta for konspirasjon mot staten.

For å kunne fortelje historia om krafta i banduraen og kva han har å seie i dagens frigjeringskamp, har rotaryklubbane i Norge invitert orkesteret «Dzvinha» frå Lviv hit på turné i april. Dette er eitt av prosjekta Hjelp til Ukraina, og kledde i sine ukrainske folkedrakter vil desse 25 kvinnene formidle musikk frå heimlandet i møte med vår kultur. Det vert også høve til å snakke med medlemmene i orkesteret i samband med framsyninga og samværa rundt det.

Rotary har også skrive under på ein avtale med dei ukrainske styresmaktene om å levere 100 medisinske akuttklinikkar i løpet av 2024. Dette er mobile einingar som er bygde på ein boggihengjar som kan plasserast nær fronten der behova er størst. Klinikkane har eigen generator og er sjølvforsynte med straum, og dei har eige reinseanlegg for vatn. Dei kan også utstyrast for akutte, kirurgiske inngrep, som tannklinikk – eller naudhjelp for kvinnelege krigsoffer. Kvar eining kostar om lag 450.000 kroner og vi er no i gang med å finansiere vår 13. klinikk.