Skrive av Astrid Henden

No er det lenge sidan det har kome lyd her frå. Den kvite og vakre jula vi fekk, varte og varte, og jammen var det fleire som orda fram på om at no kunne det kanskje vere nok både av kulde og snø. Og så er det slik at ønskjer ein seg noko sterkt nok, så sanneleg kan det verte både nok og for mykje av det og. Temperaturen steig og regnet kom fossande. Hålke? Ikkje snakk om det, – vi trur det er over no!

Det som fekk meg til å skrive i dag, er at eg ser på TV, der endå ein god plan som skal gje oss mange eldre eit godt og meiningsfullt liv, vert presentert.

Dette er så visst ikkje noko nytt. For mange år sidan, fleire enn eg likar å tenkje på, deltok eg på ein konferanse i Førde, der helse, særleg eldrehelse, var sett på kartet. Nokon hadde tenkt nye, gode tankar om framtida for dei eldste av oss, og gjorde mykje for å få desse ut til ålmenta, altså oss. Folk levde lenger, var friske lenger, og greidde seg godt i eigen heim. Men så var det alle dei tenestene ein likevel kunne ha bruk for.

Svaret var tun med lettstelte hus, der dei som trong det, også skulle eige huset. Grunnen til det var og er, at folk held seg lenger friske og oppegåande ved ikkje berre å ta vare på seg sjølv, men også huset. Dette tunet skulle også innehalde fellesaktivitetar og høve til samver, både ute og inne, og dei mest basale tilboda skulle vere til stades. Heimesjukepleie var sjølvsagt, og der skulle vere døgnvakt av sjukepleiar. Dette skulle føre til mindre behov for dei dyre sjuke- og aldersheimane, men ein stad for akutt- og smertebehandling måtte vere tilgjengeleg, der opphaldet skulle vere kort, ikkje evig som på ein sjukeheim.

Dette høyrdest svært lovande ut, men foredragshaldaren slo kaldt vatn i blodet vårt ved å snakke om økonomi. Berre byane og dei største kommunane kunne klare dette. Difor måtte vi førebu oss på kommunesamanslåingar anten vi ville det eller ikkje.

Vi veit litt meir om dette no. Store kommunar får ikkje alltid betre økonomi. Likevel er det mykje som kan gjerast, utan dei store kostnadane.

Som tidlegare stryning, veit eg litt om fordelane dei eldre har i Stryn. Der har dei også bygd ny sjukeheim, slik som på Eid. Det som skil, er at i Stryn er der lettare tilgjenge for gode aktivitetar, ikkje berre for bebuarar, men andre eldre i bygda. I staden for å stenge dagsenteret kl. 15.00, som her, er der også tilstellingar på ettermiddagar.

På Stryn Omsorgssenter er det mogeleg å møte opp annakvar onsdag kl. 18.30 og svinge seg i dansen. Dette kan dei gjere fordi eit spelemannslag eller ei anna musikk- gruppe held øving, og dette er heilt gratis. Eg har ikkje sjølv delteke, men ei kjær vennine var med på dette så sant ho kunne. At gamle folk får røre seg etter musikk, og kanskje med det meistre meir enn dei trudde dei kunne, er ei oppleving som ikkje må nektast dei. Vennina mi var mest rørt over å sjå på ei 100 år gammal dame vi begge kjende, som lyste opp når nokon svinga henne i rullestolen. Dette med rullestoldans er jo anbefalt som terapi. Omsorgssenteret brukar å invitere spreke dansarar som kan føre både dei i rullestol og andre. Stryn Frivilligsentral står for logistikken. Dei andre onsdagane øver demenskoret i Stryn. Der er også andre aktivitetar som er opne for alle, til og med pub tredjekvar fredag.

På Eid er det lett å få til slikt som dette, men då må det opnast opp for at lokalet (Tidlegare Dagsenteret), kan brukast etter kl. 15.00. Mitt største ønskjer er at spelemannslag her frå slepp til med sine øvingar med tilhøyrande dans. Det er betre å kunne møtast og få litt glad aktivitet, enn å sitje i ro og talmast og kjenne på einsemd.