Av Sigurd Reksnes, ordførarkandidat Stad Senterparti:

At Stad Skipstunell no vert lyst ut på anbod gjer at vi kan førebu oss på ei ny tid i våre områder. I Stad, Kinn, og Vanylven har vi ei rekke initiativ innan fiskerinæringa, industri, og reiseliv som er basert på at tunellen vert bygd . Det vil bety fleire arbeidsplassar, meir aktivitet og verdiskaping i våre områder.

Stad Senterparti vil samarbeide meir med våre vener i Nordfjord, Sunnmøre og i Vestland enn kommunen har gjort til no. Vi vil prioritere sentrumsutvikling i Nordfjordeid slik at vi kan fortsette den positive utviklinga vi har hatt i handel og andre næringar. Vi dreg fram Nordfjordeid spesielt, men vi skal sjølvsagt satse på heile kommunen frå Hoddevika til Holmøyane også.

Stad Senterparti vil vidareutvikle skulane frå inst til ytst og ikkje legge ned skular slik som rapporten til Agenda Kaupang foreslår. Det betyr at vi må legge til rette for busetting. Vi vil jobbe for at det skal vere tilgjengelege bustadtomter i alle skulekrinsane. Småbarnsfamiliane kan no glede seg over at regjeringa halverte barnehageprisar frå neste haust, vi trur at dette vil gjere det enklare for småbarnsfamiliane som merkar auka renter og prisar aller mest.

Vi vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk som gjer at vi kan oppretthalde ei god eldreomsorg, gje barna våre eit godt opplæringstilbod i skulen, og at vi kan ta oss av dei som treng hjelp i kommunen vår på ein god måte. Når økonomien er trong så må vi prioritere det viktigaste.

Vi vil bygge vidare på det fantastiske kulturlivet, og alle dei flotte organisasjonane som gjer at vi kan leve gode, rike og meiningsfulle kvardagar i Stad.

Stad Sp har 37 kandidatar på lista. Vi har mange ungdomar, familiefolk med små barn, og sjølvsagt dei som er godt vaksne på lista vår. Eg trur alle kan finne nokon på Sp lista frå sitt lokalsamfunn.

Godt val