Av Åge Starheim:

Eg veit at Erling Sande har arbeidd sterkt for denne beslutninga. Det skal han ha mykje ros for. Dette var i midlertid heilt nødvendig for å få slutt på spekulasjonar om kva dette prosjektet kjem til å koste.

I Prop. 97/S handsama på Stortinget står det m.a. under punkt 4 Samfunnsøkonomisk analyse: Prosjektet er samfunnsøkonomisk ulønssam, med ein prissett netto nytte på minus 2.350 mill, medan nytteverdien er berekna til 650 mill.

Etter mitt syn betyr dette at det er heilt avgjerande at dei samfunnsmessige konsekvensane av tunnelen vert sansynleggjort i bruken av overskotsmassane. Det må truverdiggjerast at bygging av tunnelen bidrar til nye arbeidsplassar.

Like viktig er den totale kostnaden på tunnelen. Overstig kostnaden det beløp pluss sprisstigning, som Stortinget la til grunn for sitt positive vedtak om å bygge tunnelen, må saka tilbake til Stortinget for ny handsaming med påfølgjande tilleggsløyving.

Eg registrerar at Stad kommune har ute på høyring fleire reguleringssaker i samband med tunnelen.

Når Kystverket no skal utarbeide anbodsdokument får desse reg.planene stor betydning for desse dokumenta. Kvar skal overskotsmassane plasserast. Dette får enorme konsekvensar for entreprenørane som skal rekne anbod, noko som igjen får store kostnadsmessige konsekvensar. Det er enormt dyrt å frakte steinmasser, i alle fall dersom dei skal transporterast langt, noko som det ikkje er økonomisk rom for.

La vi ha ei positiv haldning til prosessen vidare, og ha tru på at anbodsprisen er innanfor det Stortinget gjorde sitt byggevedtak på.

Det som då er like viktig, er at Stad kommune i sine budsjett for dei næraste åra har sett av nok kommunale midlar til å finansiere sitt bidrag til prosjektet. Det vert ikke småpengar

Eg er viss på at det er politikarar på Stortinget som vil bruke mangel på kommunale løyvingar til å meine at dersom det ikkje er politisk vilje lokalt til å bruke penger til prosjektet, kvifor skal staten då bruke fleire milliardar til dette prosjektet.

Eg vil derfor oppmode nyvalde politikarar i Stad kommune om å ta sitt ansvar på fullt alvor, og syte for nødvendig løyving til prosjektet. Dette vil også legge eit stort press på sentrale politikarar dersom ein skulle oppleve at total kostnad til å bygge Stad Skipstunnel overstig 5.1 milliard, og saka då må handsamast på nytt av Stortinget.