Av Erlend Haugen Herstad, leiar - Sogn og Fjordane Senterparti :

Senterpartiet i Sogn og Fjordane ynskjer ei styrking, ikkje ei svekking, av NRK Sogn og Fjordane. NRK Sogn og Fjordane er ein svært viktig produsent av innhald på nynorsk.

Kontoret er naturleg nok viktig for NRK og har ein stor produksjon av innhald til NRK Vestland og til NRK sentralt. Dette er noko som burde satsast vidare på, gjerne også i form nye medier, til dømes podkast.

NRK Sogn og Fjordane si rolle bør også vidareutviklast til å lage innhald om samfunnsdebatten og politiske aktuelle diskusjonar. Dette har NRK SFJ tradisjonelt vore svært gode på. Sendeflata til NRK SFJ har gjort nynorskpraktikantordninga til ein suksess, denne burde NRK satse vidare på. Ordninga er eitt av dei viktigaste grepa vi tek for å styrke nynorskens posisjon.

Det er vanskeleg å sjå for seg at ein reduksjon i sendetid frå NRK SFJ ville styrke denne ordninga. Senterpartiet i SFJ er ikkje imot å tenke nytt, men NRK bør gå varsamt og lyttande fram før ein tuklar med ein av dei viktigaste grunnsteinane for nynorsk i landet.

Vi heiar på NRK Vestland si satsing for å lage nytt innhald, men det bør ikkje gå på bekostning av godt etablerte og fungerande radiosendingar på nynorsk. Lat oss få lytte til NRK Sogn og Fjordane også i tida som kjem!