Av Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane Næringsråd:

Heilt sidan arbeidet med denne Nasjonale Transportplanen starta har det vore peika på at det skulle vere ein realistisk plan og ikkje ei urealistisk ønskjeliste. Handsaminga har også blitt framskunda med eit år for at stortingshandsaminga ikkje skulle kome som siste sak framfør eit stortingsval. Begge deler er fornuftig og bra MEN. På same tid har forventingane til NTP blitt redusert kraftig og det ser no ut til at berre nokre få prosjekt vil få oppstartløyving i første del av planperioden 2025 - 2036. Det er for dårleg.

Sogn og Fjordane må ha større ambisjonar enn det, og no er innspurten i gang for alvor.

Derfor hastar det med å legge press på regjeringa for at dei skal løyve meir pengar til vegbygging og arbeide målretta for at meir av desse pengane skal kome til Vestland og til Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Næringsråd har sett Ferjefri E39 og næringsstamvegen Rv 52 over Hemsedal på topp på sine prioriteringar. Dette er langsiktige prioriteringar som må jobbast vidare med gjennom fleire rulleringar av NTP og då er det ekstra viktig å få oppstart på fleire prosjekt slik at nye kan kome inn i prioriteringa.

Sogn og Fjordane Næringsråd er svært glade for at ein har samla seg om å arbeide for å få oppstart på E39 Storehaugen – Førde, og vil gje stor ros til det arbeidet som har blitt gjort for dette prosjektet. Det er ein alvorleg flaskehals på E39 med redusert framkome og stengingar.

Sogn og Fjordane Næringsråd forventar at dette gryteklare prosjektet får oppstart i 2025. Rv 52 vart vald som framtidig næringsstamveg Aust – Vest av Samferdsledepartementet og stadfesta i Kvalitetssikringsrapporten som var framlagt 13. januar 2017. No er det svært viktig at dette blir førd vidare i den komande NTP perioden og det viktigaste prosjektet for næringslivet er tunnelen gjennom Hemsedalsfjellet mellom Bjøberg og Borlaug.

Sogn og Fjordane Næringsråd har også prioritert E39 Byrkjelo – Grodås og E39 forbi Vadheim på Ferjefri E39. I tillegg er det svært underleg at dei to punktutbetringane på strekninga mellom Byrkjelo og Sandane ikkje har fått ferdig reguleringsplan og fått oppstart. Denne opprustinga var med i NTP allereie i handsaminga i Stortinget i 2017 og no er det på tide å kome i gang.

Sogn og Fjordane Næringsråd viser også til fleire prosjekt som må kome i gang med reguleringsplanarbeid og oppstart. Det gjeld ikkje minst rassikringsprosjektet på RV 5 mellom Erdal og Førde. Andre viktige rassikringsprosjekt som også må leggast inn i NTP er rassikringsprosjekta på E39 i Skjersura og Våtedalen.

Både Rv 15 Strynefjellet og Rv13 Vikafjellet er svært viktig vegar for næringslivet i desse områda.

Begge desse prosjekta må kome vidare med reguleringsplanar og leggast inn i NTP. For Rv 13 Vikafjellet sin del så må det inn på prioritert plass i Nye Veier si portefølje.

Stad skipstunnel er også inne i dagens NTP og prosjektet må startast opp så snart anbodsutlysinga er ferdig. Rassikring og vegvedlikehald er svært viktig både på riksvegane og fylkesvegane i Sogn og Fjordane og gul midtstripe har lenge vore ei viktig prioritering. Alt dette må halde fram, ikkje minst på grunn av at det er stort ordretørke hos entreprenørselskapa våre, men Sogn og Fjordane må ha større ambisjonar. Vi må kjempe for at fleire av våre prosjekt kjem inn i NTP ved denne rulleringa og at det blir starta opp fleire reguleringsplanar på viktige prosjekt.

Når vi ser kor mange svært store prosjekt som det blir jobba med å få inn i NTP i andre delar av Vestlandet og nasjonalt så trengs det at vi hevar røysta i Sogn og Fjordane.