Av Kjell Oldeide, leiar Raudt Sogn og Fjordane:

Raudt vil at barnehagen skal vere eit velferdstilbod, der alle skattepengane kommune og stat betaler, faktisk går til tilbodet til barna. Slik er det ikkje i dag. Dei siste 20 åra, har det fått vekse fram store, kommersielle barnehagekjeder som har funne stadig nye måtar å rike seg på; først igjennom dårlegare bemanning og deretter sidan igjennom triksing, sal og tilbakeleige av barnehageeigedommar. Etter å ha selt eigedommar dei fekk offentleg støtte for å byggje og drive, enda eigarane av Læringsverkstedet opp med ei formue på over 4,2 milliardar kroner. Den formuen har dei no tatt med seg til Sveits.

Raudt ønskjer eit profittforbod i for  barnehagane, slik ein allereie har  for privatskular i Noreg. Vi kjem til å støtte alle forslag som avgrensar velferdsprofitørane sine mogelegheiter til å tappe barnehagane for pengar.

Dei store barnehagekjedene har vakse fram igjennom å kjøpe opp og skvise små, enkeltståande barnehagar. Frå 2014 til 2021 sokk talet på plassar i desse små barnehagane med 20 037. I same periode, auka talet på konsern-barnehagar med heile 26 514 barnehageplassar. Dette gir stadig mindre mangfald i tilbodet.

Derfor er Raudt for at kommunane skal kunne forskjellsbehandle ulike typar barnehagar. Sjølvsagt er det lurt at kommunen kan prioritere ideelle! Og sjølvsagt er det lurt at kommunen – som har ansvaret for heilskapen i barnehagetilbodet – har mogelegheit til å planleggje og dimensjonere tilbodet ut frå den faktiske situasjonen.