Av Siri Sandvik, 6. kandidat Fylkestinget for Vestland Ap og Judith Kvåle, ordførarkandidat Stad Ap:

Særskilt er skilnadane mellom Ap og Høgresida størst i skulepolitikken. For Ap er det viktig å sikre at alle skal ha tilgang til god opplæring uavhengig av kor ein kjem frå eller foreldra si lommebok. Ap ønskjer ein inkluderande fellesskule med høg kvalitet for alle. Vi meiner det er viktig for fellesskapet at barn og unge med ulik bakgrunn lærar samen i skulane våre. Det byggjer ned forskjellane og opp tilliten til kvarandre.

Eit tett og tverrfagleg samarbeid mellom kommunen sine tenester retta mot barn og unge og gode overgangar mellom barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring gir det beste grunnlaget for å meistre livet. Vi skal lære av kvarandre og bygge vidare på det vi er gode på. I Stad har vi svært mange flinke tilsette som gjer ein utruleg viktig jobb på laget rundt elevane våre kvar einaste dag.

Gjennom gode tenester og tidleg innsats kan mange få viktig og avgjerande hjelp og støtte. Det har over tid vore mykje fokus på psykisk helse.  Vi tek barn og unge si psykiske helse på alvor og vil arbeide for fleire lågterskeltilbod i kommunen vår. Vi vil sikre midlar til skulehelsetenesta, at det skal være helsesjukepleiar til stades på alle skulane våre.

For Ap er det viktig å styrke laget rundt eleven for å bygge eit godt sosialt læringsmiljø slik at fleire meistrar og fullfører skuleløpet.

Her i Stad har vi Eid vidaregåande skule, i Nordfjord har vi som kjent fire, alle med gode og viktige opplæringstilbod for ungdom og næringsliv. AP vil bygge vidare på dei opplæringstilboda vi har og legge til rette for at alle kan fullføre opplæringa si så nær som råd der dei bur. Ap i fylkestinget har satsa på miljøkoordinatorar på alle skulane, gratis skulefrokost og tiltak for psykisk helse. Det er dei siste 2 åra også løyvd 70 millionar kroner ekstra til fornying av læremiddel og utstyr. I juni vart det td sett av ein million til ny sveiserobot ved Eid vgs.

Det viktigaste i livet er også det viktigaste i politikken, og difor prioriterer Arbeiderpartiet born og unge både i kommunen vår og på fylket. Skulane våre skal være ein trygg arena for meistring, trivsel og utvikling for alle. Frå grunnskule til vidaregåande opplæring. For alle.

Hugs at det er 2 val i år, og at begge vala er viktig for born og unge i kommunen vår. Fordi vi får til meir saman enn kvar for oss.

Godt val!