Av Jon Frogner, ordførarkandidat for Stad Venstre:

Fjordabladet spør på leiarplass 4. august om støy frå helikopter er verre enn anna støy?

Kan hende er svaret ja. Helikopter forureinar og støyar meir enn mykje anna. Lyden ber långt i stille fjordar, fjell og dalar. Folk bør ikkje brått vakne ein morgon, og finne ut at dei har fått ein landingsplass for helikopter som nabo.

Eg tenkjer at folk ikkje reagerar utan grunn på auka, uventa og sjenerande helikoptertrafikk rundt Nordfjordeid. Selskapet tek ein risiko når dei satsar på eit produkt som inneber at andre er med å betale prisen i form av støy og forureining.

Å avfeie kritikken som misunning, eller kalle han useriøs blir for enkelt. Å seie at «dette må folk tåle» eller «natur har vi nok av», er ein typisk gammaldags tankegang for å tene pengar på naturen, utan omsyn til konsekvensane.

Kan problemet vere at det er for mykje støy og forureining i verda allereie?

Resten av verda er i ferd med å omstille seg til løysingar som gir mindre utslepp. I Montreal-avtalen har Noreg nok ein gong forplikta seg til å verne om naturen. Som lokalpolitikar kjenner eg på dette ansvaret.

Eg er ueinig i argumentasjonen i leiaren til Fjordabladet, når dei forsvarar støy frå helikopter med at anna aktivitet også støyar. Blir det rett berre fordi noko anna er galt? Sett i lys av dagens miljøutfordringar skulle ein tru at konklusjonen ville vere å jobbe for å redusere støy, forureining, forbruk og sløsing også på andre område. Til dømes må utslepp fra cruiseskip og sightseeingbussar like fullt ned i tida som kjem.

Sjølv om vi ikkje lever i ei ideell verd, synest eg ikkje at vi skal gje opp å jobbe for meir berekraftige løysingar i våre eigne liv og som fellesskap. Sjølvsagt skal vi skape verdiar og arbeidsplassar, men på lag med klima, natur og miljø.

Det er flyginga av turistar som har skapt reaksjonar. Selskapet fortel at dei har hatt naudsynte løyver frå grunneigarar, og skal ha operert innan lovar og reglar. Like fullt er reaksjonane eit signal på at vi må sjå nærare på korleis dette skal gå føre seg i framtida. Dette er eit døme på ein interessekonflikt, der ein må vege ulike omsyn opp mot kvarandre politisk.

Fjord Helikopter fortener å få lagt fram saken sin for politikarane i Stad kommune. Dei må vere budd på at andre kan sjå produktet deira på anna vis enn dei sjølv. Det kan ende med at folkeviljen vil noko anna enn dei, når det kjem til helikopterflyging av turistar i naturen.

Venstre har årsmøtevedtak på at vi vil avgrense helikoptertrafikk til samfunnskritiske oppgåver, og har programfesta at vi ønskjer ei berekraftig utvikling av reiselivet.

Eg ønskjer drivarane av selskapet lukke til med resten av satsinga si. Eg er lei for at vi ser oss nøydde til å sette ein grense i høve miljøet. Dei fortener honnør for å investere i eiga verksemd, og for å ville skape arbeidsplassar. Det er ikkje kjekt å møte motbør når ein gjer sitt beste og satser alt ein har på at noko skal bli bra. Eg håpar Fjord Helikopter finn ein løysing for landingsplassar i samarbeid med kommunen, for den delen av verksemda som gjeld nyttetransport. Det vil vere i alle si interesse at det vert på stadar med lågast mogleg konfliktnivå.