Av Hans Christian Hansen, ordførarkandidat Stad SV:

Serviceskyss er eit transporttilbod i  Sogn og Fjordane som skal vere ope og tilrettelagd for alle. Det er likevel retta særleg mot eldre og andre utan eigen bil som treng å komme seg til kommunesenteret for å handle og gjere andre ærend ein dag i veka.

Serviceskyssen blei oppretta før fylkessamanslåinga i Vestland, og omfatta alle kommunane i det gamle Sogn og  Fjordane – utanom deler av Selje kommune.

I dag omfattar serviceskyss alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane – utanom Selje-delen i Stad kommune. Mange eldre og andre i småbygdene i ytre del av kommunen sit såleis heilt utan noko form for transportordning som sikrar dei moglegheita til å komme på butikk, til lege, offentlege kontor osv. Dette ønskjer Stad SV å gjere noko med. Vi vil arbeide for å få serviceskyss i heile Stad kommune.

Tidlegare var det lettare å få drosjekort for å komme seg av stad, men etter at vi kom inn i Vestland fylke, veit vi om folk i vår kommune som ikkje lenger køyrer bil, men som ikkje får seg drosjekort.

Det er noko vi ikkje kan akseptere. Eldre må få bu i heimen sin så lenge dei vil, også i småbygdene. Stad SV vil difor arbeide for at det blir lettare tilgang for folk som treng det, å få seg drosjekort, slik at dei kan leve gode liv også i utkantane.

Eg vil gjerne at folk tek kontakt om dei kjenner nokon som opplever same ulempe. For slik skal vi ikkje ha det i Stad kommune.