Av Synnøve Aabrekk, Stad Vekst AS:

Det er heilt uforståeleg at fylkeskommunen vel å ikkje setje i gang Vg 2 Industriteknologi ved Eid vidaregåandeskule til hausten.

Store industribedrifter frå heile Nordfjord er i harnisk over forslaget og ser mørkt på rekrutteringssituasjonen framover.

I Nordfjord har vi over 50 læreplassar ledige, og som kjent er det mykje vanskelegare å rekruttere lærlingar frå andre stader i landet enn internt frå regionen.

Av erfaring veit ein at dersom tilbodet forsvinn eitt år får dette store konsekvensar for innsøking seinare år.

Vi må derfor tole at det tidvis er færre søkjarar på liner som næringslivet er direkte avhengig av å rekruttere lærlingar frå. Av 28 elevar ved Eid vgs. er det 9 som har Vg 2 Industriteknologi som primærval. Næringslivet treng desse elevane, det er vinn-vinn å oppretthalde dette tilbodet.

Her må Vestland fylkeskommune snu!