Av Marilyn Osmundsvåg:

FBIE; Frisør, blomst, interiør og eksponeringsdesign. Eit litt kronglete namn, syns mange, og kanskje ikkje det lettaste namnet på eit programfag.

Men dette er eit programområde for yrkesfag som omfattar nokre av dei mest samfunnsnyttige og tradisjonsrike yrka vi har.

For to dagar sidan vart det kjent at fylkesutvalet foreslår å flytte heile dette programområdet frå Eid vgs til Førde. Grunngjevinga er «låg søking og at ei geografisk betre plassering av tilbodet vil famne fleire elevar».

ALTSÅ, låge søkjartal til desse faga handlar om noko HEILT anna enn geografi.

Skal vi auke rekrutteringa til desse faga, som tradisjonelt er sett på som typiske «kvinneyrke» (gratulerer med kvinnedagen, forresten), MÅ det ei lønsauke til, og yrka må få ein status i samfunnet slik at ungdomen syns dei er attraktive. OG SLIK ER DET!

Så til Eid. Kva er så spesielt med Eid? Jo, det unike samarbeidet på tvers av yrkesfaga internt på skulen, og ut mot næringslivet, og den unike synergien som oppstår av det.

Resultatet av det ser vi når elevar blir gitt den tillit å vere med og bidra på store oppsetjingar frå Opera Nordfjord, jobbe på Smart-huset eller at dei jobbar saman på tvers internt på skulen.

Resultatet av det siste såg vi for ikkje så lenge sidan med musikalen Grease.

Det er viktig at vi beheld alle dei tilboda vi har her i regionen vår, og ikkje minst; at vi framsnakkar yrkesfaga våre og gir dei den anerkjenninga dei fortener! Det er det einaste som kan få opp søkjartala!