Av Hans Christian Hansen, ordførarkandidat Stad SV:

Olderveggen og Frøyagrunnen, som ligg tett oppunder Bremanger, er og inne i denne vurderinga, men det er for botnfaste turbinar.

Regjeringa ynskjer å bygge vindkraft som utgjer nesten 80% av det vi allereie har av kraftproduksjon i Norge i. Sidan slutten av 1800 talet har kraftproduksjonen i Norge  komen opp i 151 TWh, og å auke dette i fyrsteomgang med 74 TWh i løpet av dei neste tre tiåra er urealistisk, og ein total uforsvarleg tankegang. Det vil koste både natur, hav og mykje pengar.

Og tru at alle verdens land sine problem skal vere endeleg løyst i 2050, som er målet for klimakrisa er ein lite gjennomtenkt tanke. Så lenge industriell vekst skal vere målet vil kraftetterspurnaden fortsetje å auke. Vindkraft varer ikkje evig, dei må heile reparerast og bytast ut, og nye anlegg vil bli bygd. Og kostnaden vil auke samstundes som naturområde vert øydelagd.

Eg vil og tru at linjenettet på land, som skal ta imot denne ustabile krafta, er tilpassa dagens produksjon, og det er tvilsamt om det er stort nok til å takle slike mengder ny energi. Det må bety at neste mål på agendaen vil bli eit stort fokus på opprusting, og bygging av nye linjer. Dette vil naturlegvis føre til at det vert større volum for eksport. Og det vil nok bli noko som mest truleg du og eg må betale dyrt for.

På dei 20 åra som har gått sidan vindkraft på land vart ein realitet har det kosta Noreg rundt 60 milliardar kroner i subsidiar. Og vi har fått 11 TWh vindkraft. Denne satsinga på vindkraft til havs er meir enn 7 gonger så stor, og dessutan er vindkraft til havs mykje dyrare å bygge enn på land. Dette er pengar som burde blitt brukt på andre viktige område i Noreg.

Ei alvorleg ulempe vindkraft fører med seg er forureining av mikroplast, Bisfenol A og PFAS, smørolje og glykol, og alle er svært skadelege for miljø, dyr og menneskje. Og det er noko vi ikkje vil ha på fiskefelta våre. Vindkraftnæringa har fått dispensasjon for bruk av Bisfenol A og PFAS til tross for at desse stoffa er raudlista som giftstoff.

Stad SV er i mot vindkraft til havs. Vi vil jobbe for å styrke areal, og forvaltningsplanar slik at vi får ein fornuftig bruk og vern av havet.