Av Inge Degnepoll, 49. kandidat Vestland Ap:

Eg vert uroa av høgresida sin ideologiske mistillit til alle dei dyktige og kompetente folka som kvar dag går på jobb i offentleg sektor for at vi skal ha det bra i Noreg.

Høgresida seier dei vil ta i bruk dei gode kreftene, men dei gode kreftene er allereie der. Det er ikkje slik at ein hjelpepleiar automatisk blir flinkare når ho eller han byter arbeidsgivar frå ein norsk kommune til eit AS med lågare løn og pensjon. Når høgresida vil gje offentlege sjukeheimar til kommersielle konsern er det dei tilsette og i mange tilfelle brukarane som tar kostnaden.

Vi er no inne i ei tid med store omveltingar og eit sterkt behov for innovasjon og nyskaping i næringslivet. Vi må sørge for omstilling og å skape nye jobbar, reelle nye jobbar. Det er klart at å ha eit permanent sugerøyr i lomma på verdas tryggaste betalar nok er forlokkande på investorar, men det tar ikkje Noreg vidare. For meg er det heilt ulogisk at nokre politikarar ønsker å rette inn næringslivet på å overta oppgåver og fagområde som allereie er ivaretatt i offentleg regi i staden for å stimulere til nyskaping, omstilling og nye inntektsmoglegheiter for heile Noreg.

Vi trenger ein aktiv næringspolitikk der vi støttar næringslivet i å omstille og utvikle seg i skiftande tider. Norske bedrifter har alltid vore gode til å ta i bruk ny teknologi og å møte skiftande marknadsbehov, men vi er alle best tent med at kommersielle bedrifter konkurrerer der det er ein kommersiell marknad. Vi har ikkje den norske velferdsstaten for å lage millionoverskot til hemmelege eigarar i skatteparadis. (Du kan sjølv prøve å sjekke kven som eig Stendi). Då er det feil å bruke skattepengar på å lage eit utal parallelle velferdsbyråkrati som i realiteten ikkje er valfridom eller konkurranse, men små monopol.

Kommersialisering av velferd er feil medisin for både næringslivet og samfunnet. La stat og kommunar fokusere på å drifte velferdsstaten. Støtt norske bedrifter i å gjere det dei gjer best.