Av Liv Marit Øvstebø:

Fjordabladet har i avisa 19. april eit oppslag om ATV-utleige.  Utleigaren er svært positiv til nysatsinga,  men reknar "også med at det er folk som ikkje deler same oppfatninga som han".

Det har han heilt rett i.

Cruice-turistane har tilbod om å leige el-syklar,  og svært mange tek turen på sørsida på fylkesvegen frå Eid til Torheim.  Dei som kjenner til og køyrer denne vegen,  særleg frå Hundeide,  rundt Gjølshammaren,  og vidare til Torheim,  veit at den er svært smal og svingete med dårleg vegdekke.

Så vidt eg veit,  har det heldigvis ikkje skjedd noko ulukke med sykkelturistane, men utleigarane og turistane må vere klar over at dette er ein offentleg veg.  Når ein kjem køyrande frå eller til Eid,  stoppar trafikken ofte opp.  Bilistane ventar medan syklistane helst går av sykkelen og stiller seg opp i vegkantetn.

På den måten har det fungert så nokolunde. Likevel har eg ofte tenkt;  viss det kom ein bil rundt svingen med for stor fart,  kva då!

Vi les i avisa at ein ATV kan køyre i 60 km/t og at leigetakarane må vere 18 år og ha førarkort.  Men korleis kan utleigarane kontrollere køyredugleiken til ein person som kanskje aldri før har køyrt ein ATV i trafikken?  Manglande kunnskap og dugleik kan i verste fall føre til ulukker.

Vi ønskjer gjerne turistane velkomne til Eid, men tilbod og aktivitetar må vere trygge.  Er det så enkelt at ein berre kan starte slike tilbod utan løyve frå kommune og vegetat?

ATV-køyring  kan sikkert vere moro for den yngre generasjon av turistane,  men då bør det vere på ei lukka løype under oppsyn.