Av Ingvill Hestenes, dagleg leiar Convene Group (Gloppen),

Bjørn Aage Haugen, dagleg leiar Innvik (Stryn),

Hans Petter Selstad, dagleg leiar Selstad (Kinn),

Magne Fure, dagleg leiar Fiskevegn (Stad)

I desse dagar står vi framfor eit viktig vegval som rører ved verdiane og framtida vår.

Halvparten av dei vidaregåande skulane i Nordfjord står i fare for å miste tilbodet om studiespesialisering. Avgjerda ligg hos fylkespolitikarane i Vestland, men truleg vil evna vår til å samle oss om gode løysingar spele ei viktig rolle.

Tilbodet om studiespesialisering ved dei vidaregåande skulane er avgjerande for attraktiviteten til lokalsamfunna, for konkurransekrafta til næringslivet, og ikkje minst for utviklinga, tryggleiken og kvardagen til elevane våre. For mange av elevane har det mykje å

seie om dei kan bu heime, utan å måtte flytte på hybel eller bruke opp til 15 timar kvar veke på pendling. Det er ikkje rart at følelsane våre blir vekte når så mykje står på spel.

Dei seinaste åra har vi vore flinke til å byggje ein sterk region, med ein sterk identitet. Vi har vore rett så gode på å samarbeide på tvers, og vi har vore flinke til å nyte godt av kvarandre sine handels-, kultur- og fritidstilbod. Ein viktig nøkkel har vore at ingen har sett seg sjølv over laget. Då har det vore lett å heie kvarandre fram.

Vi skal kunne kjempe for vårt. Men samstundes må vi finne saman om løysingar som gagnar alle, der det er mogleg. Vi har ikkje falle for freistinga å motverke sentralisering med sentralisering, men ved å satse på fire attraktive kommunar, med fire sterke tettstadar. Vi er forskjellige, men saman er vi svært attraktive. Vi er alt i ein fjord.

I debatten har fleire tatt til orde for å behalde studiespesialiserande ved alle dei vidaregåande skulane, i Måløy, Nordfjordeid, Sandane og Stryn. Dette kan gjerast samstundes som ein møter behovet for å redusere kapasiteten og talet på elevplassar ved dei vidaregåande skulane i Nordfjord. Ikkje minst er det mogleg samstundes som vi sikrar eit godt fagleg tilbod til elevane.

Då bør vi som region jobbe for dette. Det vil vere bra for Nordfjord, for lokalsamfunna, for dei vidaregåande skulane, og ikkje minst for elevane.

La oss halde fram med å utvikle regionen i lag.