Av Jon Frogner, tingmann 2023:

Stykket ble fyrste gong spelt i 1997, i høve 1000 årsjubileet for kristninga av Noreg.

På laurdag og søndag skal omlag 80 skodespelerar på friluftsscena på Dragseidet. Dei fleste skodespelarane er folk frå bygdene rundt Stad, nokre få er profesjonelle gjesteskodespelarar. Om vi reknar om all tida frå fellesøvingane får vi om lag 80 x 40 timar, det vil seie 3 200 timar. Resultatet får publikum sjå i løpet av eit par timar, om ein reknar med leik på vikingtunet i forkant av framsyninga. I tillegg kjem den store innsatsen til staben på rundt 50 friviljuge.

Ifølgje sagaen var det på Dragseidet kong Olav Trygvasson samla stormenn frå fire fylke til ting, og dei tok i mot dåpen. Som stykket får fram på ein spennande måte var det litt om og men, men ikkje noko blod (uten å røpe for mykje). Manuset av Rolf Losnegård byggjer på sagaen Ragnvald og Raud, oversatt av ervikjaren Dagfred Berstad. Losnegård har sjølv ei rolle i spelet som Atle frå Stårheim.

Personleg meiner eg at dette dramaet ikkje står tilbake for dei gamle greske dramaene eller Shakespeare, om så skal seiast. Dette er familiedrama, rettsdrama og historisk drama i skjønn eining. Litt komedie er det også. Det treffer meg i hjartet, og gåsehuden kjem rett som det er.

Eg takka ja til å stille som tingmann i stykket av to grunnar, for det bur ingen skjult skodespelar i meg. For det fyrste, vi har vore med ein gong før. Den minste dottera mi elskar å få vere vikingjente saman med vennane sine. I år har dei fått lære ekte vikingleikar. For det andre har eg stor respekt for den prestasjonen det er å dra i gong ein slik stor lokal produksjon. Eg meiner dette er ein viktig historie å holda levande, og det blir gjort på ein strålande måte.

Det tek ein del tid å være med. Men det er ein god oppleving å få sjå kulturlivet frå innsida. Det bur mykje talent i blant oss. Det gjer godt å sjå korleis det blir jobba opp og fram. Dei profesjonelle skodespelarane er heilt råe, og det same vil eg seie at deira lokale motspelerar er. For min eigen del, det å sjå på nært hald regissør Jeff Pedersen jobbe ustoppeleg med kvar scene, replikk, røyrsle og person for å få fortalt historia best mogleg, er ein fryd å vere med på.

Når heile laget går på scena laurdag, er korkje Odin, Tor eller Kvitekrist særleg vennleg innstilte, slik vêrmeldinga ser ut no. Samstundes er eg viss på at det vil bli ein forrykande framsyning. Jo meir vêr, dess meir kraft frå scena. Vi har berre dei flotte kostyma, bankande hjarter og førebuingar, for å gi publikum alt vi har. Så finn fram din beste goretex og dine varmaste ullplagg, sånn i tilfelle vêrmeldinga skulle slå til.