Av Anita Bentsen, referent:

40 kjekke pensjonistar + ein dyktig sjåfør med godt humør var med på turen som starta i Korsen onsdag 31.mai kl.09.00. Anne Karene ynskte alle velkomne, og hadde ord for dagen.

Vi tok ferja frå Koparnes til Årvik og køyrde så til Hareid der vi tok ferja til Sulesund og så direkte til Atlanterhavsparken i Ålesund.

På bussen fekk vi både underhaldning og nyttig informasjon: Ann Iren fortalde vitsar, Michael spela trekkspel og vi song ein morsom allsong om kor mykje betre alt var før, og Anne Karene fortalde om stadar vi for forbi og stadar vi skulle til.

Vi kom til Atlanterhavsparken i god tid før mating av fiskane kl.13, så det fekk alle som ville med seg.

Etterpå fekk vi servert nydeleg lunsj: oksekjake med potetbåtar og grønsaker, og kaffi og gulrotkake til dessert. Vi hadde også god tid til å sjå oss omkring i parken, ute: pingvinane, mating av oterane, og inne: utruleg mange spennande fiskar og skaldyr + mykje informasjon og fine utstillingar om miljø, havbruk mm.

Kl.15 var alle på plass i bussen, og Roy-Henning køyrde oss strake vegen til Finnøya. Turnemnda hadde laga til eit flott hefte som kvar og ein fekk ved ombordstigning . Der var fine allsongar, program for turen og kart der ruta vår var markert. Det var kjekt å følgje med på kartet, og Anne Karene fortalde om Nordøyvegen som vart offisielt opna 27.august 2022. Tre undersjøiske vegtunellar, tre bruer og veg på sjøfylling har gjeve fastlandssamband for rundt 2700 menneske på Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya, Fjørtofta, Harøya og Finnøya.

Vi sjekka inn på Finnøy Bryggehotell. Hotellet, med fine rom og gode sengar, ligg idyllisk til i bygningar som ein gong var eit gammalt fiskemottak og handelsstad på Finnøy. Nokre av oss hadde med badetøy og benytta seg av bad-og velværesenteret»Håp i havet», nokre slappa av på hotellet, og nokre gjekk tur, sjølv om veret ikkje var det beste. Etter deilig tre-retters middag, kosa vi oss med god prat, trekkspelmusikk, allsong og dans i restauranten.

Torsdag 1.juni: Etter god frukost og utsjekk, tok vi 10.30 ferja til Ona. Fargerike, sjarmerande Ona! Ei lita øy i havgapet ytterst på Romsdalskysten som var det sørlegaste fiskeværet i Noreg. Dei no 15 fastbuande livnærer seg på fiske, keramikkproduksjon og turisme. Før var det også salting av sild og klippfisk og tørrfiskproduksjon på øya.

Husa, vel vedlikehaldne og i ulike fargar, står tett, og Ona fyr kneisar over dei. Husøya ligg tett inntil Ona, og ei lita bru bitt dei to små øyane saman. På fjøre sjø kan ein gå tørrskodd mellom øyane. På Husøya ligg gravstaden med klokketårn og ein vakker steingard laga av rullesteinar. Vi fekk nydeleg fiskesuppe til lunsj på Ona Havstuer, og seinare fekk vi kaffi og kaker same stad.

Veret var nydeleg denne dagen, og vi hadde heldigvis god tid til å å vandre rundt på Ona og Husøya, både før og etter lunsj.

Vi tok 15.30 ferja tilbake til Finnøya og bussen vår. På heimturen song vi resten av allsongane i heftet. Det gjekk radig heimover, vår gode sjåfør berekna tida til ferjene godt, så alt gjekk etter planen Anne Karene takka alle for laget, og gav ei spesiell takk til Michael og sjåføren. Marit takka, på vegne av styret, Anne Karene og Ann Iren for at dei hadde laga til ein slik flott tur for oss. pensjonistane.

Så vil eg seie, på vegne av alle deltakarane: Tusen takk til turnemnda for alt arbeidet dei har lagt ned for at vi skulle få ein fin tur, resultatet vart midt i blinken!