Av: - Torbjørn Vereide, Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet

På sosiale media applauderer Synne Bjørbæk budskapet om "at det aldri vil vere greitt for Norge å gi våpen til Ukraina".

Bjørbæk blir løfta fram av leiinga i Rødt til å vera den fremste personen deira i Forsvarskommisjonen. Då er det ikkje rart at folk reagerer.

Ukraina hadde tapt krigen for lenge sidan om det ikkje hadde vore for våpenstøtta. Når sentrale folk i Raudt omtaler dette som ei hypotetisk problemstilling, så blir eg forbanna.

Det her er ein kamp for demokrati og frihet. Ukraina kjempa mot ein okkupant som er nådeløs. Då kan vi ikkje sitte på sidelinja og sjå på når menneske frys i hel.

Om vi ikkje står saman med våre allierte og støtter Ukraina vil det få katastrofale konsekvensar. Både for det Ukrainske folket og for framtida vår i Europa.

Våpenstøtte til Ukraina er nødvendig. Alternativet er utslettelse.