Av Judith Kvåle, ordførarkandidat Stad Ap, Ådne Reidar Nes Kleppe, 2. kandidat Stad Ap og Anett Munch Oen, 3. kandidat Stad Ap:

Med dyrtid og auka levekostnader, er det viktigare enn nokon gong med ei Regjering som stadig kjem med tiltak som betrar vanlege folk sine levekår og styrker kjøpekrafta.

Frå i dag får alle 2. klassingar 12 timar gratis kjernetid i SFO kvar veke, det samme som 1. klassingane fekk i fjor.

Frå i dag vert maksprisen for barnehage redusert til 3000 kr månaden, i tillegg vert det gratis for det tredje barnet i barnehage viss dei går der samtidig.

Frå i dag får studentane 9000 kr meir i studiestøtte årleg, dette er den største auken på 15 år.

Dette er viktige endringar for vanlege folk!

Samfunnet går no steg for steg i rett retning, der fellesskapet vert styrka og der dei store pengane kan brukast på dei store oppgåvene, som gode velferdstenester for alle.

Vi får til meir saman enn kvar for oss!

Meiner du dette er gode og viktige endringar? Gje oss gjerne røysta di ved kommunevalet 11. september.