Av Silja Ekeland Bjørkly, fylkesordførarkandidat for Vestland Høgre:

– Vi er svært skuffa over at korkje Venstre, KrF eller Senterpartiet har vist vilje til å snakke med oss. Høgre vart valvinnar og det klart største partiet i Vestland fylkesting.  Borgarleg side styrka seg og Ap og Sp gjekk mykje tilbake. Veljarane viste at de ønska eit skifte, men det har dei vald å oversjå ved å ikkje late oss sleppe til. Det er ei arrogant og uforståeleg  tilnærming.

Både V, Krf og Sp har helile tida signalisert at de ønskjer å snakke med begge sider, men når det kjem til stykket velgjer dei å oversjå det største partiet. Det er veljarane som er den store taperen her.

No får vi ein svekka og sprikande koalisjon, med knappast mogleg styrke i fylkestinget – med kun 33 av 65 plassar.

Det blir dessverre fire nye år med en regnbogekoalisjon som står svært langt fra kvarandre politisk. Det betyr fire nye år utan tydeleg retning for fylket, og der mindretalet bestemmer politikken ut ifrå samarbeidsavtalen.

Med Høgre og Frp hadde vi fått fritt skuleval, meir fokus på kvalitet i skulen og parti som faktisk prioriterar meir pengar til veg og kollektiv. No risikerer me å få ein enda meir byråkratisk skulemodell om SV får det som dei vil, og det blir mangel på prioriteringar slik vi har sett dei siste fire åra.

Høgre går no i opposisjon, og lovar å vera ei tydeleg stemme for dei saka vi gjekk til val på. Vi sviktar ikkje veljarane og innbyggjarane. Vestland skal garantert leggje merke til oss dei komande 4 åra.